Marina Silva
Maria Osmarina Marina Silva Vaz de Lima (fødd 8. februar 1958 i Breu Velho i delstaten Acre) er ein brasiliansk miljøvernforkjempar og politikar. Ho er kjend for sitt vellukka arbeid med å redusere avskoging av Amazonas.
Marina Silva | |
Marina Silva Foto: Valter Campanato/ABr
| |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 8. februar 1958 (66 år) Rio Branco |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar, miljøvernar |
Språk | portugisisk, brasiliansk portugisisk |
Politisk parti | Rede Sustentabilidade |
Medlem av | Green Party |
Religion | evangelikalisme, Pinserørsla |
Nettstad | http://marinasilva.org.br |
Marina Silva på Commons |
Biografi
endreMarina Silva vaks opp som eitt av tolv sysken i ein gummitapparfamilie i delstaten Acre i Brasil. 16 år gamal blei ho send til Rio Branco for behandling av hepatitt. På dette tidspunktet var ho framleis analfabet. Seinare jobba Silva som hushjelp. Samstundes lærte ho seg å lese, fekk offentleg skuleplass, og byrja studera historie. I løpet av denne tida blei ho påverka av miljøaktivisten Chico Mendes, og blei sjølv ein forkjempar for regnskogen i Amazonas. I 1994 blei ho som den yngste kvinna nokonsinne vald til senator i Den brasilianske nasjonalforsamlinga. Ho jobba deretter som miljøvernminister i Lula si regjering frå 2003 til 2008, då ho gjekk av i protest mot den aukande motstanden mot antiavskogingsarbeidet.[1] Marina Silva starta si partipolitiske karriere i Partido dos Trabalhadores (Arbeidaranes parti), men gjekk over til Partido Verde (Dei grøne) i 2009. I 2013 melde ho overgang til det brasilianske sosialistpartiet, Partido Socialista Brasileiro.[2] I april 2014 blei ho lansert som Eduardo Campos' visepresidentkandidat ved valet i oktober 2014. Etter at Campos omkom i ei flyulykke 13. august 2014, rykka ho opp som presidentkandidat.[3] Ho fekk tredje flest stemmer i den første valomgangen av presidentvalet, 5. oktober 2014, etter sitjande president Dilma Rousseff og Aécio Neves.
Miljøpolitikk
endreMarina Silva har ført ei hard line ovanfor ulovleg skogbruk. I perioden 2004-2007 blei avskoginga redusert med 60 %.
Prisar
endre- Goldman Environmental Prize, 1996
- Champion of the Earth, FN, 2007
- Sofie-prisen, 2009[1][4]
Referanser
endre- ↑ 1,0 1,1 http://www.sophieprize.org/Norsk/Prisvinnere/2009/index.html
- ↑ «Brazil's Marina Silva and Socialists eye 2014 elections.». Henta 6. oktober 2013.
- ↑ «Brazil: Marina Silva 'to replace' late candidate Campos». BBC. 16. august 2014. Henta 17. august 2014.
- ↑ «Sofieprisen til Marina Silva». NRK.no. 1. april 2009. Henta 28. oktober 2014.