Mario Kart 8
Mario Kart 8 er eit resarspel i Mario Kart-serien, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart annonsert for første gong under E3 2013[1] og utgjeve internasjonalt til Wii U i mai 2014. Ei utvida utgåve av spelet, Mario Kart 8 Deluxe, vart utgjeven til Nintendo Switch i 2017.
Mario Kart 8 | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Kosuke Yabuki |
Produsent(ar) | Hideki Konno Yasuyuki Oyagi |
Komponist(ar) | Shiho Fujii Atsuko Asahi Ryo Nagamatsu Yasuaki Iwata |
Serie | Mario Kart |
Plattform(er) | Wii U, Nintendo Switch |
Utgjeving | Wii U JP: 29. mai 2014 NA: 30. mai 2014 EU: 30. mai 2014 Nintendo Switch 28. april 2017 |
Sjanger | Resarspel |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Mario Kart 8 fokuserer, som tidlegare spel i Mario Kart-serien, på figurar i Mario-universet som køyrer om kapp i gokartar på varierte banar og nyttar ulike hjelpemiddel for å seinke motstandarane eller gje seg sjølve forsprang i kappløpet. Spelet introduserer seksjonar med antigravitasjon, som lèt spelarane køyre på vegger og tak. Det har spelemodusar for ein eller fleire spelarar, inkludert over internett via Nintendo Network.
Mario Kart 8 vart ein kritisk og kommersiell suksess då det vart gjeve ut. Utgåva til Wii U fekk fleire oppdateringar etter lanseringa, inkludert to samlepakker med ekstra innhald som ein kunne kjøpe. Desse pakkene inneheld mellom anna figurar og banar inspirert av spela i The Legend of Zelda og Animal Crossing-seriane.[2] Mario Kart 8 Deluxe til Nintendo Switch inkluderer innhaldet i originalspelet og dei to samlepakkene, i tillegg til ein utvida «Battle Mode» og nye figurar, mellom anna Inklings frå Splatoon. Det er det mestseljande spelet både på Wii U og Nintendo Switch, med høvesvis åtte millionar og seksten millionar selde kopiar.[3]
KjelderEndra
- ↑ «Mario Kart 8 announced for Wii U». Eurogamer. 11. juni 2013. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Snart kan du spille som Link i Mario Kart 8». Gamer.no. 27. august 2014. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «IR Information: Sales Data - Dedicated Video Game Sales Units». Nintendo. Henta 26. mai 2019.