Splatoon
Splatoon er eit skytespel i tredjeperson utvikla og utgjeve av Nintendo til Wii U. Det blei utgjeve 28. mai 2015 i Japan, og dagen etter i Nord-Amerika og Europa. Spelet sentrerer om karakterar kjent som Inklings, som er antropomorfiske blekksprutar. Dei kan skifte mellom humanoid- og blekksprutform, og gøyme seg i eller symje gjennom farga blekk som er sprøyta på overflater ved hjelp av våpen som pistolar, bøtter eller penslar. Splatoon har fleire ulike spelemodusar, mellom anna fire mot fire-kampar over internett og ein einspelarkampanje.[2]
Splatoon | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Yusuke Amano Tsubasa Sakaguchi | ||
Produsent(ar) | Hisashi Nogami[1] | ||
Komponist(ar) | Toru Minegishi Shiho Fujii | ||
Serie | Splatoon | ||
Spelmotor | LunchPack | ||
Plattform(er) | Wii U | ||
Utgjeving | JP: 28. mai 2015 NA: 29. mai 2015 EU: 29. mai 2015 | ||
Sjanger | Skytespel i tredjeperson | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | https://splatoon.nintendo.com/, http://www.nintendo.co.jp/wiiu/agmj/, http://www.nintendo.co.uk/Games/Wii-U/Splatoon-892510.html, http://gamesites.nintendo.com.au/splatoon/ | ||
Del av serien Splatoon⠀ | |||
Splatoon 2→ |
Splatoon fekk positiv mottaking då spelet blei avduka og lansert. Kritikarar roste mellom anna avgjerda til Nintendo om å tre inn i ein ny sjanger innan dataspel, den overordna stilen og presentasjonen i spelet, spelemekanikkane og lydsporet. Kritikk var retta mot at spelet ikkje støtta voice chat og private lobbyar, det låge talet på arenaer ved lanseringa og tekniske problem med å etablere kampar over internett.[3] Nintendo leverte omfattande støtte til Splatoon etter lanseringa ved å legge nye arenaer, våpen og funksjonar til spelet, i tillegg til å arrangere tidsavgrensa storhendingar kalla «Splatfests».[4]
Splatoon har selt 4,93 millionar kopiar sidan lanseringa.[5] Ein oppfølgar, Splatoon 2, blei utgjeven til Nintendo Switch i 2017.
Kjelder
endre- ↑ «Iwata Asks: Splatoon». Nintendo. Henta 31. mai 2018.
- ↑ «Wii U: Splatoon». Nintendo. Henta 7. mai 2018.
- ↑ «ANMELDELSE: Splatoon». Gamer.no. Henta 24. september 2016.
- ↑ «Splatoon bows out in style with its last ever Splatfest». Eurogamer. Henta 24. september 2016.
- ↑ «IR Information: Sales Data - Top Selling Title Sales Units». Nintendo. Henta 17. mars 2018.