Marit Knutsdatter Strand

norsk senterpartipolitikar frå Oppland

Marit Knutsdatter Strand (fødd 27. april 1992) er ein norsk lektor og politikar frå Øystre Slidre i Valdres. Frå 2017 til 2025 representerte ho Oppland og SenterpartietStortinget.

Marit Knutsdatter Strand

Fødd27. april 1992 (32 år)
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv

Strand er utdanna i realfag ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Ho var medlem 2015-19 i Øystre Slidre kommunestyre.

Ved stortingsvalet 2017 var ho Senterpartiet sin andrekandidat i Oppland, fekk plass på Stortinget med knapp margin. Tingperioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.

I stortingsvalet 2021 var ho førstekandidat og vart attvald. Ho heldt fram i Utdannings- og forskingskomiteen, no som første nestleiar.

I mai 2024 varsla ho at ho ikkje tok attval som stortingsrepresentant. I staden flytta ho med familien tilbake til Beito i Valdres for å bli bonde på fulltid.[1]

Kjelder

endre
  1. Adensfield, Susanne (31. mai 2024), «Bytter ut penskjorta med fjøsdress», Nationen (på norsk), henta 12. august 2024