Maritza Martén García (fødd 17. august 1963) er ein kubansk tidlegare diskoskastar som i 1992 vart olympisk meister i øvinga.

Maritza Martén
Statsborgarskap Cuba
Fødd 17. august 1963 (60 år)
Havanna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Martén sette i mars 1985 personbeste med eit kast på 70,50 meter i heimbyen Habana. Nokså nøyaktig fire år seinare tangerte ho rekorden ved eit stemne i Santiago de Chile.

18. juli 1992 presterte Martén sitt livs beste diskoskast i spanske Sevilla der diskosen landa etter ei luftferd på 70,68 meter. To veker etter rekordkastet låg ho på andreplass då fire omgangar av OL-finalen i Barcelona var unnagjort. I den femte omgangen forbetra Martén seg med over 3 meter til 70,06 m og siger i tevlinga.

Både under verdsmeisterskapen 1993 og i VM 1995 enda Martén på fjerdeplass i diskoskasting, begge gongane eit drygt stykke unna bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre