Mark McKoy (fødd 10. desember 1961) er ein tidlegare friidrettsutøvar fødd i Georgetown i Guyana som representerte Canada fram til 1994 og deretter Austerrike. Han vart i 1992 olympisk meister i 110 meter hekk.

Mark McKoy
Statsborgarskap Austerrike, Canada
Fødd 10. desember 1961 (62 år)
Georgetown
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Aktiv endre

McKoy voks opp i England og budde frå ungdomsåra i Canada. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot då han vann korthekken under samveldeleikane 1982. Der etter vart han fjerdemann i øvinga både ved verdsmeisterskapen 1983 i Helsinki og Sommar-OL 1984 i Los Angeles.

I VM 1987 så vel som Sommar-OL 1988 enda McKoy på sjuandeplassen i 110 meter hekk. I 1991 kom han enno ein gong på fjerdeplass i den største årsmeisterskapen, VM i Tokyo. Sommaren 1992 forbetra han den kanadiske rekorden på spesialdistansen til 13,11 sekund. I OL-finalen 3. august 1992 sprang han på 13,12 og vann ein klar siger.

2. juli 1993 kom McKoy i mål på 13,08 sekund ved eit stemne i Villeneuve d'Ascq i Frankrike, hans livs beste løp i 110 meter hekk. I 1994 vart han austerriksk statsborgar og representerte landet i OL i Atlanta.

Doping endre

Etter treningskollega Ben Johnson vart avslørt for doping under leikane i Seoul i 1988, vedgjekk også McKoy å ha nytta stimulerande stoff. Han var stengt ute frå tevling i 2 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre