Maroun al-Ras (arabisk مارون الراس) er ein landsby i Libanon i Jabal Amel i Bint Jbeil distrikt i Nabatiye guvernement sør i Libanon. Han ligg kring 120 km søraust for Beirut, og kring 1 km frå grensa til Israel.

Maroun al-Rass
مارون الراس
landsby
Land  Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Bint Jbeil distrikt
Høgd 911 moh.
Koordinatar 33°04′50″N 35°25′20″E / 33.08056°N 35.42222°E / 33.08056; 35.42222
Retningsnummer +961
Kart
Maroun al-Ras
33°06′04″N 35°26′38″E / 33.101111111111°N 35.443888888889°E / 33.101111111111; 35.443888888889
Wikimedia Commons: Maroun al-Ras

Historie endre

Den 1. mars 1978 vart landsbyen okkupert av ein styrke på 60 falangistar, som kom frå landsbyane kring Ain Ebl på vegner av det israelske militæret. Ein trur dei vart leia av israelarar som vart varmt teke i mot av innbyggjarane. I Maroun al-Ras var derimot innbyggjarane sjiamuslimar, som raskt bad om hjelp frå Fatah og deira libanesiske allierte. Falangistane hadde fått lovnader om luftstøtte frå Israel om dei møtte motstand, men dette fekk dei aldri. Sju falangistar vart drepne då palestinarane nådde fram og resten av falangistane måtte flykte. Etter denne episoden sette israelarane ut ei gruppe soldatar for å verne Ain Ebl mot hemnåtak, og dei vart verande der fram til Israel invaderte Libanon to veker seinare.[1]

Landsbyen var åstad for ei stor konfrontasjon mellom det israelske forsvaret og Hizbollah under Libanonkrigen i 2006.[2]

Maroun al-Ras ligg strategisk til med utsyn over dei kringliggande bane. Landsbyen ligg 911 meter over havet.

Under slaget ved Maroun al-Ras i 2006, vart landsbyen okkupert av Israel. Landsbyen vart hevda å vere ein skanse for Hizbollah og ein av stadane det vart skote opp rakettar mot Israel frå.[3]

Kjelder endre