Opna hovudmenyen

Martin John Pugh er ein britisk gitarist som vart kjend med bluesrockbandet Steamhammer i 1968, der han var i fem år og spelte på fire album.

Martin John Pugh
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–1976, 2002-03
SjangerRock, blues, bluesrock, rock and roll, psykedelisk rock, hardrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarSteamhammer, Armageddon, 7th Order, Faces, Rod Stewart
PlateselskapBellaphon / CBS, A&M
Verka somgitarist

Debutalbumet til Steamhammer i 1969, Steamhammer, gav dei ein liten hit i Europa, «Junior's Wailing». Pugh spelte òg på den første soloplata til Rod Stewart, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down.[1]

Etter Steamhammer vart oppløyst i 1973 vart Pugh og Steamhammer-bassisten Louis Cennamo med den tidlegare Yardbirds-vokalisten Keith Relf[2] og trommeslagaren Bobby Caldwell og skipa Armageddon i 1975. Seinare spelte han i rockebandet 7th Order.[3]

KjelderEndra

  1. The Rod Stewart Album. The-faces.com. Henta on 2. desember 2015.
  2. Keith Relf & Armageddon. Myspace.com. Henta on 2. desember 2015.
  3. 7th Order - «The Lake of Memory».