Opna hovudmenyen

William Keith Relf (22. mars 194314. mai 1976) var ein engelsk musikar, mest kjend som solovokalist og munnspelspelar i The Yardbirds.

Keith Relf
Fødd22. mars 1943(1943-03-22)
FødestadRichmond, Surrey, England
Død14. mai 1976 (33 år)
DødsstadLondon, England
FødenamnWilliam Keith Relf
OpphavStorbritannia
Aktiv1956–1976
SjangerBluesrock, blues, folkrock, hardrock, psykedelisk rock, progressiv rock
InstrumentVokal, munnspel, bassgitar, gitar, klaverinstrument, perkusjon
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Yardbirds, Renaissance, Medicine Head, Armageddon, Illusion
Verka somMusikar, låtskrivar

KarriereEndra

Relf byrja å spele i band kring sommaren 1956 som songar, gitarist og munnspelspelar. Bluesmunnspelet hans var ein viktig del av stilen og suksessen til The Yardbids og vokalen hans var eit viktig bidrag til bandet.[1]

Relf var medlåtskrivar på mange av dei originale Yardbirds-songane («Shapes of Things», «I Ain't Done Wrong», «Over Under Sideways Down», «Happenings Ten Years Time Ago»), og dreiv sidan mot meir akustisk musikk og visesong («Only the Black Rose»).[2] Han song òg på ein tidleg versjon av «Dazed and Confused» på konsertane til Yardbirds, ein song som seinare vart spelt inn av arvtakarane til Yardbird, Led Zeppelin.[3]

Den første solosingelen hans, «Mr. Zero», nådde 50. plassen på UK Singles Chart i mai 1966.[4]

Etter The Yardbirds vart oppløyst i juli 1968, skipa Relf ein akustisk duo i lag med Yarbird-medlemmet Jim McCarty. Dei kalla eg Together. Kort tid etterpå danna han bandet Renaissance (med systera Jane Relf).[5] Etter han forlet Renaissance i 1970 byrja han å produserte andre artistar: Steamhammer, folkrockbandet Hunter Muskett, den akustiske verdsmusikkgruppa Amber, det psykedeliske bandet Saturnalia,[6] og bluesrockbanet Medicine Head (der han òg spelte bassgitar).[7] I 1974 skipa han den progressive rockegruppa Armageddon. Debutplata deira Armageddon, vart spelt inn i England og kom ut i USA på A&M Records. Teksten i plateomslaget kalla gruppa ei supergruppe. Besetninga bestod av trommeslagaren Bobby Caldwell (tidlegare medlem i Captain Beyond og bandet til Johnny Winter), gitaristen Martin Pugh (frå Steamhammer, The Rod Stewart Album og seinare 7th Order),[8] og bassisten Louis Cennamo (tidlegare i Renaissance og Steamhammer).[9]

Relf døydde 33 år gammal då gitaren hans ikkje var skikkeleg jorda og han fekk kraftig støyt.[10]

Relf vart posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1992 i lag med resten av The Yardbirds.[11]

KjelderEndra

  1. «Keith Relf Biography : Singer (1943–1976)». Biography/com. Henta 31. mars 2018. 
  2. Greg Prato. «Keith Relf - Biography - AllMusic». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  3. Morgan Young. «ON THE FLIP-SIDE: Tower Records Spotlight: Jake Holmes - Dazed and Confused». Ontheflip-side.blogspot.com. Henta 31. mars 2018. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 458. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «The History Of Renaissance». Jtl.us. Henta 31. mars 2018. 
  6. Richie Unterberger. «Saturnalia - Biography - AllMusic». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  7. «Keith Relf». First-thoughts.org. Henta 31. mars 2018. 
  8. «7th Order Home Page». 7thorder.com. Henta 31. mars 2018. 
  9. «Forgotten series: Armageddon featuring the Yardbirds' Keith Relf – Armageddon (1975) - Something Else!». Something Else!. Henta 31. mars 2018. 
  10. Simmonds, Jeremy (2006). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches. Chicago, Illinois, USA: Chicago Review Press, Incorporated. s. 88. 
  11. «The Yardbirds». Rockhall.com. Henta 31. mars 2018. 

BakgrunnsstoffEndra