Martin Kevin Walsh (fødd 21. januar 1952) er ein USA-amerikansk gitarist, låtskrivar, arrangør, komponist og plateprodusent. I 1979 fekk Walsh høvet til å spela på sin første hit, «Love Pains», av Yvonne Elliman. I løpet av karrieren sin som studiomusikar på 1980-talet deltok Walsh som gitarist på hittane «I Was Country When Country Wasn't Cool» av Barbara Mandrell, «9 to 5» av Dolly Parton, «She Works Hard for the Money» av Donna Summer og «Heartlight» av Neil Diamond. Blant Walsh sine bidrag på album til artistar som John Denver, Eddie Kendricks, Seals and Crofts,[1] Julio Iglesias, Kenny Rogers og John Fogerty,[2] var han òg turnerande musikar med Supertramp,[3] og deltok i innspelinga av albuma Brother Where You Bound i 1985 og Free as a Bird i 1987. Walsh medverka på tre LeAnn Rimes-album på slutten av 1990-talet, Sittin' on Top of the World (1998),[4] LeAnn Rimes (1999) og I Need You (2001).[5]

Marty Walsh
Fødd21. januar 1952 (72 år)
FødestadHollywood, California i USA
FødenamnMartin Kevin Walsh
AktivSidan 1976
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • arrangør
  • komponist
  • plateprodusent

Ved sida av studioarbeidet har Walsh skrive musikk for Air Supply, Gary Wright, Agnetha Fältskog frå ABBA og ei rekkje TV-seriar, mellom anna Roundhouse.[6] Walsh vart òg sett i musikkvideoen til Eddie Money for «Shakin'» som rytmegitarist i 1982.

For tida er Walsh assisterande professor ved Berklee College of Music[7] i avdelingane for ensemble og musikkproduksjon i Boston i Massachusetts.

Kjelder

endre
  1. Moseley, Willie G. (januar 2015). «Marty Walsh With a Little Help From Friends». Vintage Guitar 29 (3). 
  2. Donahue, Michael (1986). «Fogerty Tour Begins on Fitting Note Here». The Commercial Appeal. 
  3. Muretich, James (3. februar 1988). «Art-rock holdovers happy with refreshing Supertramp». Calgary Herald. 
  4. Sittin' on Top of the World (CD-hefte). LeAnn Rimes. Curb Records. 1998. 77901. 
  5. LeAnn Rimes (2002). I Need You (CD platenotat). Curb Records. D2-78738. 
  6. Owens, Barbara (november-desember 1999). «A Conversation with Marty Walsh». Boston Musikars' Association Magazine: 7–8. 
  7. «Marty Walsh». berklee.edu. Henta 16. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre