Mary Denise Rand, fødd Bignal (fødd 14. februar 1940), er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Wells i Somerset. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1964 og vart dermed den fyrste britiske kvinna som vann OL-gull i friidrett.

Mary Rand
Mary Rand 1966.jpg
Fødd 10. februar 1940
Wells
Yrke friidrettsutøvar
Mary Rand på Commons

AktivEndra

Rand deltok både i hekkeløp og lengdehopp under sommar-OL 1960 i Roma. Ho vart nummer ni i lengde, og kom på fjerdeplass på 80 meter hekk med tida 11,1 sekundar, eitt tidels sekund bak bronsevinnaren. I friidretts-EM 1962 i Beograd tok ho bronsen i lengde med eit hopp på 6,22 m.

Under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo sprang Rand på det britiske stafettlaget som tok bronse på 4 x 100 m stafett. I femkampen plasserte ho seg mellom dei sovjetiske deltakarane Irina Press og Galina Bystrova og fekk sølvmedalje. Ho sette så verdsrekord med 6,76 m i lengdehopp og vart olympisk meister framom polske Irena Kirszenstein på sølvplass og Tatjana Sjtsjelkanova frå Sovjetunionen som fekk bronsen.

Rand vann lengdetevlinga under samveldeleikane 1966 i KingstonJamaica med 6,36 meter. Same sesongen vart ho nummer fire i femkamp i EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho la opp i 1968.

Frå 1969 til 1992 var ho gift med den USA-amerikanske tikjemparen Bill Toomey. Ho er i dag USA-amerikansk statsborgar.

KjelderEndra