Irina Natanovna Press[a] (10. mars 193922. februar 2004) var ein sovjetisk friidrettsutøvar, fødd i Kharkiv, som tevla internasjonalt i mangekamp, hekkeløp, sprint og kulestøyt. Ho vart olympisk meister i 80 meter hekk i 1960 og i femkamp i 1964. Tamara Press var systera hennar.

Irina Press


Irina Press under Sommar-OL 1964

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 10. mars 1939
Kharkiv
Død 22. februar 2004 (64 år)
Moskva
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960
Utmerkingar Ordenen folkenes vennskap, Ærestegnets orden, Venskapsordenen, Zasluzjennyj rabotnik fizitsjeskoj kultury Rossijskoj Federatsii, Idrettens mester i Sovjetunionen

Aktiv

endre

Irina Press fekk sitt gjennombrot under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma. Ho vann då 80 meter hekk på tida 10,8 sekundar, ein tidels sekund føre britiske Carole Quinton. Seinare i leikane spurta ho Sovjetunionen sitt lag på 4x100 meter stafett inn til fjerdeplass. I 1962 deltok ho femkamp i friidetts-EM i Beograd, men braut etter fire øvingra.

Under sommarleikane 1964 i Tokyo var Press fullstendig overlegen i femkampen, som då var ny øving i OL-samanheng. Ho sette verdsrekord med 5 246 poeng og slo sølvmedaljøren Mary Rand med over 200 poeng. I kuletevlinga vart ho nummer seks med 16,71 m, systera Tamara vann gullmedaljen med 18,14 meter.

Ved den fyrste europacupen for kvinner i 1965 forbetra Irina Press verdsrekorden på 80-meter hekk til 10,4 sekundar. Tevlingane vart avvikla i Kassel i Tyskland.

Ho la opp brått i 1966, noko som førte til spekulasjonar om hennar kjønn.

Merknadar

endre
  1. Russisk skrift Ирина Натановна Пресс

Kjelder

endre