Mashhad i Israel
Mashhad (hebraisk skrift מַשְׁהַד, arabisk مشهد, Mash-hed) er ein arabisk by i Israel som ligg 5 km nordaust for Nasaret i Nord distrikt. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 700, hovudsakleg muslimar innbyggjarar.[2][3]
Mashhad | |||
מַשְׁהַד, مشهد, Meshhed, Mashhed | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Martyrstaden[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°44′16.07″N 35°19′32.29″E / 32.7377972°N 35.3256361°E | ||
Areal | 7,3 km² | ||
Folketal | 6 700 (2005) | ||
Folketettleik | 918 / km² | ||
Bystatus | 1960 | ||
Mashhad i Israel 32°44′18″N 35°19′28″E / 32.738333333333°N 35.324444444444°E | |||
Kart som viser Mashhad i Israel.
| |||
Wikimedia Commons: Mashhad, Israel |
Historie
endreDet er funne spor etter ruinar frå antikken.[4]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister under namnet Mashad Yunis som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa. Han hadde eit folketal på 31 hushaldningar og seks ungkarar, alle muslimar, som betalte skatt for ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, frukttre, grønsaker og frukthage, i tillegg til geiter og/eller bikubar.[5]
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen, som han estimerte hadde opp mot 300 innbyggjarar.[6] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Meshed som «ein liten landsby, bygd av stein, kring det som i følgje segnet er grava til Jona - ein låg bygning med to kvitvaska kuplar. Det bur kring 300 muslimar her, og staden ligg på ein åstopp, utan hagar. Vassforsynigna kjem frå cisterner.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Mashad eit folketal på 356, alle muslimar,[8] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 487; 486 muslimar og ein kristen, i totalt 111 hus.[9]
I 1945 var folketalet 660, alle arabarar, med 11 067 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 378 dekar for plantasjar og irrigert land, 4 663 for korn,[11] medan 24 dekar vart utbygd land.[12]
Mashhad vart ein lokal kommune i 1960.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mashhad, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alexandre, Yardenna (13/1/2008): Tel Gat Hefer Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.120
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3, Galilea, pt. 1.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Jaffe, Gilad Bezal’el (27/11/2012): Tel Gat Hefer Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.124
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Porat, Leea [21/9/2006): Tel Gat Hefer Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.118
- ↑ Palmer, 1881, s. 131
- ↑ Population of Localities numbering above 1 000 residents Israelsk statistisk sentralbyrå, s.2.
- ↑ Mashhed (Israel): Description Gutterman, Dov. FOTW.
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s. 413.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 188
- ↑ Guérin, 1880, s. 165 ff
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, s. 363.
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
- ↑ Mills, 1932, s. 74
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 62[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 109[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 159[daud lenkje]