Opna hovudmenyen

Mashta al-Helu (arabisk مشتى الحلو, òg Meshta al-Helu eller Mashta al-Helo) er ein by og feriestad nordvest i Syria i Tartus guvernement, 45 kilometer nordaust for Tartus. Landsbyen ligg i eit skogkledd område i An-Nusayriyahfjella, dei syriske kystfjella. Av stader i nærleiken finn ein Kafrun i vest, al-Malloua og al-Bariqiyah i sørvest, Habnamrah og Marmarita i sør, Hadiya i søraust, Kafr Ram i aust, Ayn Halaqim i nordaust, Ayn al-Shams i nord og Duraykish i nordvest.

Mashta al-Helou
مشتى الحلو
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Tartus guvernement
Distrikt Safita-distriktet
Nahiyah Mashta al-Helu
Høgd 465 moh.
Koordinatar 34°52′35″N 36°15′25″E
Folketal 2 458 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Mashta al-Helu eit folketal på 2 458 i 2004. Han er det administrative senteret i Mashta al-Helu nahiyah («underdistrikt») i Safita-distriktet som består av 19 stader med eit samla folketal på 12 577 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]

Byen ligg 465 meter over havet. Før baathistane tok over makta i landet i 1960-åra, var Mashta al-Helu ein av få landsbyar i kystfjella som fekk elektrisk straum.[3]

KjelderEndra

  1. «Mashta al-Helou Nahiyah Population». Syrisk statistisk sentralbyrå. 2004. Henta 29. juni 2014. 
  2. Balanche, 2006, s. 44.
  3. Balanche, 2006, s. 60.

BakgrunnsstoffEndra