Matej Tóth (fødd 10. februar 1983) er ein slovakisk friidrettsutøvar frå Nitra som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 50 kilometer kappgang.

Matej Tóth


Statsborgarskap Slovakia
Fødd 10. februar 1983 (41 år)
Nitra
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2004 – 20 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 20 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 50 kilometer kappgang herrer, VM i friidrett 2005, VM i friidrett 2007, VM i friidrett 2009, VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2006, EM i friidrett 2010, EM i friidrett 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 50 kilometer kappgang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 50 km kappgang menn
Utmerkingar Rad Ľudovíta Štúra II. triedy
Matej Tóth i 2017

Tóth deltok internasjonalt i fleire år før han byrja markere seg på toppen av resultatlistene i dei store internasjonale tevlingane. I mai 2010 gjekk han heilt til topps på 50 km i kampen om verdspokalen i Chihuahua i Mexico, med tida 3.53.30 viste han Mexicos eigen Horacio Nava til andreplass og Jared Tallent frå Australia til tredjeplass. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich vart Tóth andremann på 50 km, nærare fire minuttar bak franske Yohann Diniz som sette verdsbestetid på distansen.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Tóth gullmedaljen på 50 km, med god margin til sølvmedaljøren, Jared Tallent. Året etter kjempa dei same to, og ytterlegare to andre kaggjengarar, om OL-gullet på 50 km, ein kamp som enda med at Tóth vann gullmedaljen, 18 sekundar framom Tallent på sølvplass, japanske Hirooki Arai tok bronsen 26 sekundar bakom Tóth.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre