Mathias Bonsak Krogh

norsk prest

Mathias Bonsak Krogh (4. oktober 17542. september 1828) var ein norsk geistleg og stortingspolitikar.

Mathias Bonsak Krogh

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. oktober 1754
Vadsø
Død

2. september 1828 (73 år)
Alstahaug kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Verv Biskop i Nordlandene og Finmarken
Periode 1805–1828
Føregangar Ingen
Etterfylgjar Peder Christian Hersleb Kjerschow
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Mathias Bonsak Krogh på Commons
Belsvåg gard, den første bispegarden i Nord-Noreg.
Gravstøtta ved Alstahaug kyrkje

Krogh var fødd i Vadsø. Han studerte i København, og tok teologisk embetseksamen i 1779. Han var sokneprest i Lenvik (ordinert i 1781), i Vågan (1788) og i Ørland (1798) før han vart utnemnd til den første biskopen for Nordlandene og Finmarken (Hålogaland bispedømme). Denne stillinga hadde han frå 1805 til han døydde i 1828. Som biskop budde Krogh på Belsvåg ved Alstahaug i Helgeland. Her døydde han, og er gravlagd ved Alstahaug kyrkje.

Politisk engasjement

endre

Krogh var også nordnorsk politikar, og sat på Stortinget 1815-1816. Der arbeidde han blant anna for å bryte bergenskjøpmennene sitt monopol i nordlandshandelen, ved at det vart gjeve kjøpstadsrettar til Hundholmen (1816), som seinare vart Bodø by.

Gravsteinen

endre

Støtta på Krogh si grav er særeigen. Innskrifta, som han sjølv skal ha forfatta, lyder slik:

Her hviler / den forkrænkelige Deel af / Mathias Bonsak Krogh / Biskop / over Nordl. og Finmarken / Fra Aaret 1805 til 1828 / Fød 1754, Gift 1781. / Død 1728 den 2. septb. / Han efterlader 5 Børn / som leve, 6 døde
Efter mange alvorlige / Undersøgelser fandt han / i Jesu Evangelium det Lys / som opklarede hans Tvivl / den Trøst som ene beroligede / hans Hjerte / og i Troen på den Frelser, / der forligte Syndere med Gud / gik han frimodigen ind til / den bedre Verden.
I mangehånde Livs Farer / beskiermede ham / den algode Faders / almægtige Haande / hans Sorger / bleve formildede / ved mange Glæder. / Han efterlader sig / hverken Rigdom / eller Uvenner.
Hans Eftermæle / overlades dem / som nøjere kiendte ham / at bestemme. / Den retfærdige men / Milde Dommer / at veje hans Daad. / med Haanden paa Hjertet / sukker han: / Gud vær mig Synder naadig.
ipse fecit

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre