For ei kyrkje med liknande namn i Innherad, sjå Alstadhaug kyrkje.

Alstahaug kyrkje er ei mellomalderkyrkje bygd i stein på øya Alsta i Alstahaug kommune, litt sør for for Sandnessjøen i Nordland. Ho er soknekyrkje i Alstahaug sokn i Nord-Helgeland prosti.

Alstahaug kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Alstahaug
Fellesråd Alstahaug
Stad Alstahaug
Type langkyrkje
Material stein
Innvigd kring 1200
 - Vigd til St. Margareta
Takryttar laukkuppel
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 270
Kart
Alstahaug kyrkje
65°53′38″N 12°23′52″E / 65.894°N 12.3978°E / 65.894; 12.3978
Wikimedia Commons: Alstahaug kirke
Alstahaug kyrkje is located in Nordland
Plasseringa til Alstahaug kyrkje
Portal frå mellomalderen

Kyrkja vart bygd på 1100- eller 1200-talet, av lokalt hogd kleberstein og utforma i romansk stil, som eit rektangulært skip og smalare kor. Kyrkja er ei av tre steinkyrkjer som vart bygde nokolunde samstundes, kanskje av same byggmeister. Alstahaug kyrkje har som Herøy kyrkje og Dønnes kyrkje mykje lik utforming, inkludert den karakteristiske laukkuppelen.

Alstahaug prestegjeld var lenge det mektigaste på Helgeland. Prestegjeldet hadde ved reformsatsen i 1589 seks kyrkjer og to kapell.

Altertavla vart sett opp i 1636. Presten Petter Dass virka her frå 1689 og fram til han døydde i 1707. Han gav kyrkja døypefatet i gåve i 1697. Sonen Anders Dass etterfølgde han. I perioden 1804-1828 var Alstahaug sete for biskop Mathias Bonsak Krogh, den første biskopen for Nordlandene. Biskop Krogh er gravlagt på kyrkjegarden ved kyrkja.

Kyrkja vart utvida og ombygd 1863-1865, og det vart bygd på eit skip, slik at den gamle mellomalderkyrkja no vart kor. Den vestre halvparten av skipet vart då riven. Kyrkja vart delvis tilbakeført til opphavleg utsjånad ved ombygging i 1935 og restaurering i 1970.

Kyrkja har om lag 270 sitjeplassar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre