Mathias Sommerhielm
norsk politikar
(Omdirigert frå Matthias Otto Leth Sommerhielm)
Mathias Otto Leth Sommerhielm (fødd 22. august 1764 i Kolding i Danmark, død 15. november 1827 i Stockholm, Sverige)[1]var ein dansk embetsmann og politikar. Frå han i 1789 vart utnemnd til dommar i Overhoffretten i Kristiania var heile karrieren hans knytt til Noreg.[2] Han var Noregs andre statsminister i Stockholm, der han overtok etter Peder Anker i 1822.
Mathias Sommerhielm | |||
| |||
Fødd | 22. august 1764 Kolding | ||
---|---|---|---|
Død | 15. november 1827 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, jurist, dommar | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Ektefelle | Frederica Dorothea Sehested, Henriette Hermine Fuglberg, Christine Marie grevinne Lewenhaupt | ||
Alle verv |
|
Da Kristian Fredrik kom til Noreg som statthaldar i 1813 knytte han Sommerhielm til seg som rådgjevar. I februar 1814 var Sommerhielm med på stormannsmøtet på Eidsvoll. Frå same år var han medlem av den norske regjeringa, i periodar som justisminister.
Dekorasjonar
endreSommerhielm var innehavar av Dannebrogordenen, Nordstjerneorden og Serafimerordenen.[1]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Mathias Otto Sommerhielm frå Norsk biografisk leksikon
- ↑ Mathias Sommerhielm frå Regjeringen.no