Sauli Väinämö Niinistö

(Omdirigert frå Sauli Niinistö)

Sauli Väinämö Niinistö (fødd 24. august 1948) er ein finsk jurist, bankdirektør og politikar frå Samlingspartiet. 1. mars 2012 blei han president av Finland.[1]

Sauli Väinämö Niinistö
Sauli Niinistö.jpg
Finlands president
Periode2012–-
PartiSamlingspartiet
Fødd24. august 1948
FødestadSalo
EktefelleJenni Haukio, Marja-Leena Alanko
BarnAaro Niinistö

Niinistö har tidlegare vore Riksdagens talmann, og president i Finlands fotballforbund. Han har vore justisminister, finansminister og visestatsminister i regjeringane til Paavo Lipponen.[2]

Ved presidentvalet i Finland i 2006 vart Niinistö nummer to med 24,06 % av røystene i første valomgang. I andre valomgang møtte han Finlands sittande president Tarja Halonen. Han fekk då 48,2 % av røystene, mens Halonen fekk 51,8 %. Niinistö stilte på nytt ved presidentvalet i 2012, kom på førsteplass med 37 % av røystene i første runde og gjekk vidare til andre valomgang.[3] I andre valomgang, 5. februar, fekk han 62,6 % av røystene, og vart dermed vald til Finlands neste president.[4]

Politisk karriereEndra

PrivatlivEndra

Niinistö var gift med Marja-Leena Niinistö, som døydde i ei bilulukke i 1995.[5] I januar 2009 gifta han seg med Jenni Haukio.[6]

ReferansarEndra

  1. «Halonen gav över till Niinistö », yle, 1. mars 2012.
  2. «Uppgifter om ministern», oversikt over regjeringsdeltaking frå Statsrådet.
  3. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.
  4. Hela landet – stödet för kandidaterna, YLE.
  5. «Favoriten och uppstickaren», Svenska Dagbladet, 30. januar 2012.
  6. «Sauli Niinistö gifte sig», Vasabladet, 5. januar 2009.

BakgrunnsstoffEndra