Mari Kiviniemi

Mari Johanna Kiviniemi (fødd 27. september 1968 i Seinäjoki) er ein tidlegare finsk politikar for Centern. Ho var finsk statsminister 2010–2011 og partileiar for Centern 2010–2012. I 2014 vart Kiviniemi visegeneralsekretær i OECD.

Mari Kiviniemi
Finlands statsminister Mari Kiviniemi, Nordiska radets session 201.jpg
Periode22. juni 2010–22. juni 2011
PartiCentern
Fødd27. september 1968
FødestadSeinäjoki
FøregangarMatti Vanhanen

BakgrunnEndra

Kiviniemi vart fødd i Seinäjoki, og voks opp i bygda Alavalli i Jalasjärvi som dotter av ein kyllingbonde. Som gymnasiast hadde ho eit utvekslingsopphald i Tyskland. Ho flytta til Helsingfors i 1988 for å studera økonomi. Ho har mastergrad i samfunnsvitskap frå Helsingfors universitet frå 1994. I tillegg til morsmålet finsk snakkar ho svensk, tysk og engelsk. Mari Kiviniemi gifta seg i 1996 med forretningsmannen Juha Mikael Louhivuori, som ho har barn med.[1]

PolitikkEndra

 
Dei finske og svenske statsministrane Mari Kiviniemi og Fredrik Reinfeldt i 2010.

Kiviniemi vart vald inn i Riksdagen frå Södra Österbotten i 1995. I 2004 vart ho rådgjevar for økonomisk politikk for statsminister Matti Vanhanen, og fungerte deretter som utenrikshandels- og utviklingsminister i Matti Vanhanen si første regjering under Paula Lehtomäkis fødselspermisjon 2005–2006. Kiviniemi var medlem av bystyret i Helsingfors 2005–2012 og kommunalminister i Matti Vanhanen si andre regjering 2007–2010.[1]

I 2010 vart ho vald til ny partileiar i Centern etter Vanhanen, og overtok som statsminister kort tid etter.[2] Centern fekk ikkje auka veljartilslutting ved riksdagsvalet i 2011, og Kiviniemi måtte overlata statsministerposten til Jyrki Katainen frå Samlingspartiet. Centern gjekk i opposisjon, og Kiviniemi vart medlem av Riksdagen sin utanrikskomité. Ho søkte ikkje attval som partileiar i 2012, og trekte seg frå Riksdagen i 2014 for å bli visegeneralsekretær i OECD.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Henkilökuva» (finsk). Mari Kiviniemis nettside. Arkivert frå originalen 6. mai 2014. Henta 7. mai 2015.  Både |archive-date= og |arkivdato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv_url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  2. Grosvold, Øyvind (12. juni 2010). «Finsk kvinnelig statsminister» (norsk). NRK. Henta 7. mai 2015. 
  3. «Mari Kiviniemi, Deputy Secretary-General» (engelsk). OECD. Henta 7. mai 2015.