Maulid an nabi (koransk arabisk مَوْلِدُ آلنَبِيِّ‎, mawlidu n-nabiyyi), ofte berre kalla maulid,[1] er ei muslimsk høgtid til minne om fødselsdagen til profeten Muhammed.

Maulid-feiring i Benghazi i Libya i 1896.

Dagen fell i rabi' al-awwal, den tredje månaden i den muslimske kalenderen, i følgje sunnimuslimar på den 12. og sjiamuslimar på den 17., som òg er fødselsdagen til den sjette sjiaimamen Jafar as-Sadiq.

Feiring endre

Maulid blir feira i dei fleste muslimske land, der han er offentleg høgtidsdag og ein pyntar heimar og moskéar. Mange stader blir det halde opptog, ein fortel eller les dikt om livet til Mohammed, og det er vanleg å dela ut mat og almisser. I Pakistan heiser ein flagget ved alle offentlege bygg og fyrer av saluttar i hovudstaden og provinshovudstadane. Dagen er mindre feira i Saudi-Arabia og er ikkje ein fridag.

Dato endre

Tilnærma datoar for maulid 2008-2013 [2]
Gregoriansk år 12. rabi'-ul-awwal
(sunni)
17. rabi'-ul-awwal
(sjia)
2008* 20. mars 25. mars
2009 9. mars 14. mars
2010 26. februar 3. mars
2011 15. februar 20. februar
2012 4. februar 9. februar
2013 24. januar 29. januar
* Fastsett dato. Alle andre datoar er tilnærma, fordi den faktiske byrjinga på månaden er avhengig av den observerte månefasen.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Andre skrivemåtar er mawlid, múlid, mulud, milad og tyrkisk mevlid. Maulid kan òg brukast om fødselsdagar til andre viktige historiske figurar, som sufihelgenar.
  2. Engelsk Wikipedia oppgav Islamic Holy Days Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine.. Moonsighting.com