Mauro Giuliani
Mauro Giuseppe Sergio Pantaleo Giuliani (27. juli 1781–8. mai 1829) var ein italiensk gitarist og komponist og vert av mange rekna for å vere den fremste gitarvirtuosen tidleg på 1800-talet, og i lag med Fernando Sor var han ein av dei siste store klassiske utøvarane på instrumentet fram til gitaren igjen vart populær tidleg på 1900-talet.[1]
Mauro Giuliani | |||
Mauro Giuliani | |||
Fødd | 27. juli 1781 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bisceglie i Italia | ||
Død | 8. mai 1829 (47 år) | ||
Dødsstad | Napoli i Italia | ||
Fødenamn | Mauro Giuseppe Sergio Pantaleo Giuliani | ||
Opphav | Kongedømet Napoli, Keisardømet Austerrike | ||
Periode | Klassisismen | ||
Sjanger | Kammermusikk | ||
Instrument | Gitar | ||
Verka som | Komponist og gitarist | ||
Born | Emilia Giuliani-Guglielmi, Michele Giuliani |
Liv
endreHan studerte kontrapunkt og cello, men på seksstrengsgitar var han heilt sjølvlært og det vart tidleg hovudinstrumentet hans. Det var mange flinke gitaristar i Italia på denne tida (Ferdinando Carulli er den mest kjende i dag), men få av dei klarte å leve av det sidan publikum helst ville ha operaer. Giuliani la derfor ut på ein suksessrik Europa-turne då han var 19 og i 1806 slo han seg ned i Wien, der han kom inn i eit musikkmiljø kring Anton Diabelli, Ignaz Moscheles og Johann Nepomuk Hummel. I 1808 hadde han premiere på sin Gitarkonsert i A-dur, Op. 30 og vart raskt hylla som den største levande gitarvirtuosen. Sjølv Beethoven la merke til han og skreiv eit par gitarstykke spesielt for han. Kanskje det var for å gje ei teneste tilbake, men i 1813 spelte Giuliani på premieren til Beethovens 7. symfoni.
Rundt 1814 vart Giuliani oppnemnd som virtuoso onorario di camera for den andre kona til Napoleon, keisarinne Marie-Louise. Men med stor gjeld reiste han attende til Italia i 1819. I 1823 reiste han til London, der han vart lovprist i den engelsktalande verda, noko som førte til at det kortvarige tilhengjarmagasinet The Giulianiad kom ut. Etter dette besøkt slo gitaristen seg ned i Napoli, der han var verna av hoffet i kongedømet Dei to Sicilia. Han vart dyktig på eit sjeldant instrument kalla lyre-gitar (som vart marknadsført hovudsakleg mot kvinnelege amatørar) og utbetra utforminga på «ghitarra di terza», eit instrument med eit kortare fingerbrett enn på ein vanleg «spansk» gitar.
Musikkverk
endreGiuliani publiserte meir enn 200 verk. Av dei mest varige stykka hans finn ein mellom anna tre lyriske konsertar frå seint i klassisismen eller tidleg i romantikken, og for sologitar, Grand Overture, Op. 61 og ein serie på seks, stundom omstendelege, suitar, Le Rossiniane, basert på melodiar av Gioacchino Rossini. Som særskild hjelp for andre gitaristar, noterte Giuliani verka sine med G-nøkkel på ein nyskapande måte, der pausane og retninga på notehalsane skil melodien frå basslinja og dei indre stemmene.
Kjelder
endre- ↑ [http://allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=41:7364 Mauro Giuliani] på Allmusic av James Reel. Henta 25. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi (The guitar and mandolin av Philip James Bone, 1914)
- Associazione Giuliani Arkivert 2010-01-15 ved Wayback Machine. (av Nicola Giuliani)
- Found: A Giuliani Guitar, Kept In A London Bank Since 1816 av Paul Pleijsier, 2001
- Informasjon (Tecla Editions)
Notar
endre- Rischel & Birket-Smith si samling av gitarmusikk - Det Kongelige Bibliotek, Danmark
- Boije-samlinga Arkivert 2010-08-12 ved Wayback Machine. - Det svenske musikkbiblioteket
- GFA-arkiv[daud lenkje]
- maurogiuliani.free.fr
- Fritt tilgjengelege notar av Mauro Giuliani ved International Music Score Library Project (IMSLP)