Maulid an nabi
Maulid an nabi (koransk arabisk مَوْلِدُ آلنَبِيِّ, mawlidu n-nabiyyi), ofte berre kalla maulid,[1] er ei muslimsk høgtid til minne om fødselsdagen til profeten Muhammed.
Dagen fell i rabi' al-awwal, den tredje månaden i den muslimske kalenderen, i følgje sunnimuslimar på den 12. og sjiamuslimar på den 17., som òg er fødselsdagen til den sjette sjiaimamen Jafar as-Sadiq.
Feiring
endreMaulid blir feira i dei fleste muslimske land, der han er offentleg høgtidsdag og ein pyntar heimar og moskéar. Mange stader blir det halde opptog, ein fortel eller les dikt om livet til Mohammed, og det er vanleg å dela ut mat og almisser. I Pakistan heiser ein flagget ved alle offentlege bygg og fyrer av saluttar i hovudstaden og provinshovudstadane. Dagen er mindre feira i Saudi-Arabia og er ikkje ein fridag.
Dato
endreGregoriansk år | 12. rabi'-ul-awwal (sunni) |
17. rabi'-ul-awwal (sjia) |
---|---|---|
2008* | 20. mars | 25. mars |
2009 | 9. mars | 14. mars |
2010 | 26. februar | 3. mars |
2011 | 15. februar | 20. februar |
2012 | 4. februar | 9. februar |
2013 | 24. januar | 29. januar |
* Fastsett dato. Alle andre datoar er tilnærma, fordi den faktiske byrjinga på månaden er avhengig av den observerte månefasen. |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mawlid» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2009.
Fotnotar
endre- ↑ Andre skrivemåtar er mawlid, múlid, mulud, milad og tyrkisk mevlid. Maulid kan òg brukast om fødselsdagar til andre viktige historiske figurar, som sufihelgenar.
- ↑ Engelsk Wikipedia oppgav Islamic Holy Days Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine.. Moonsighting.com