Max Adler

austerriksk politikar

Max Adler (15. januar 187328. juni 1937) var ein austerriksk politikar og filosof. Adler var professor i filosofi og ein leiande personlegdom innan austromarxismen. Han var aktiv i det sosialdemokratiske partiet i Austerrike, SDAP, der han stod på venstre fløy. Han var blant dei som sterkast kritiserte det fleirtalet i parlamentsgruppa til det tyske sosialdemokratiske partiet som støtta krigføringa i første verdskrigen.

Max Adler
Fødd15. januar 1873
Wien
Død28. juni 1937 (64 år)
Statsborgar avAusterrike, Cisleithania
PartiSozialdemokratische Partei Österreichs
Yrkepolitikar, filosof, sosiolog, professor, statsvitar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Wien
Utdanna vedUniversitetet i Wien
Alle verv
  • Member of the Landtag of Lower Austria
  • Substitute Member of the Constitutional Court of Austria (1924–1930) Sjå dette på Wikidata
Sozialistische Idee der Befreiung bei Karl Marx, 1918

Adler sitt arbeid med filosofi gjekk på å prøve å sameine kantiansk medvitsanalyse med den marxistiske samfunnsteorien. Han stod her i motsetning til dei som meinte seg å vere ortodokse marxistar, som Karl Kautsky og Vladimir Lenin.

Han arbeidde au med marxistisk statsteori og tilhøvet mellom politisk og sosialt demokrati. Det sosiale demokratiet når ein først i det klasselause samfunnet, seier Adler. Anna demokrati er berre politisk, og derfor framleis ei form for klasseherredømme, eller klassediktatur. Adler var derfor heller ikkje redd for nemninga «proletariatets diktatur», sjølv om han tok avstand frå bolsjevikane sin misbruk av nemninga, medan ein annan leiande austromarxist, hans nære venn Otto Bauer, ikkje ville bruke uttrykket fordi det så lett blir misforstått. Bauer fekk fleirtal på kongressen i Linz i 1926, da bl.a. dette spørsmålet blei drøfta. SDAP sitt Linz-program frå 1926 er elles namngjete som eit klart uttrykk for austromarxistane sitt venstresosialistiske syn.

Kjelder endre