Max Weinberg

amerikansk trommeslagar

Max Weinberg (fødd 13. april 1951) er ein USA-amerikansk trommeslagar og fjernsynspersonlegdom, mest kjend som mangeårig trommeslagar for Bruce Springsteen sitt E Street Band og som bandleiar for Conan O'BrienLate Night with Conan O'Brien og The Tonight Show with Conan O'Brien. Han er far til trommeslagar i Slipknot, Jay Weinberg.

Max Weinberg

Weinberg i 2008 under ein Bruce Springsteen-konsert
Fødd13. april 1951 (72 år)
FødestadNewark i New Jersey i USA
AliasMighty Max
OpphavUSA
AktivSidan 1964
Sjanger
InstrumentTrommer
Tilknytte artistar
PlateselskapColumbia
Verka som
BornJay Weinberg

Weinberg voks opp i forstadane til New Jersey og byrja å spele trommer i ung alder. Han gjekk på college for å bli advokat, men fekk det store gjennombrotet sitt i musikk i 1974, då han prøvespelte som trommeslagar for Springsteen og fekk jobben. Weinberg vart verande med Springsteen fram til han oppløyste gruppa i 1989. Weinberg brukte så fleire år å vurderte ein karriere innan jus, og eit yrke innan forretningssida ved musikkindustrien før han kom fram til at han framleis ynskte å spele trommer.

I 1993 fekk Weinberg rolla som bandleiar for The Max Weinberg 7 for Late Night with Conan O'Brien. Weinberg sin trommedriven jump blues-stil og den komiske rolla hans blomstra i lag med showet og gav han ein ny karriere. I 1999 starta Springsteen opp att E Street Band for ei rekkje turnerar og album. Weinberg kom fram til ei ordning som let han spele med både O'Brien og Springsteen. I 2009 flytta Weinberg til det kortvarige Tonight Show with Conan O'Brien som leiar for Max Weinberg and The Tonight Show Band. Etter dette slutta byrja han å turnere med sine eigne band, og i 2010 vart han ikkje valt til å følgje O'Brien til det nye showet Conan. Weinberg har halde fram å spele med Springsteen, og i 2014 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av bandet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Max Weinberg