Max von Laue

tysk fysikar

Max von Laue (9. oktober 187924. april 1960) var ein tysk fysikar. Laue er særleg kjend for oppdaginga av interferensen til røntgenstrålane i 1912 saman med W. Friedrich og P. Knipping. For denne oppdaginga fekk dei Nobelprisen i fysikk i 1914. Den metoden han opphavleg brukte til å få fram interferensane, ved å sende røntgenstrålar gjennom ein krystall, vart seinare avløyst av Bragg-metoden, men i mange tilfelle blir metoden til Laue metode enno brukt. Interferensmønster som oppstår når røntgenstrålar passerer ein krystall, blir ofte kalla eit lauegram. Laue utførte òg viktige arbeid over relativitetsteori, kosmologi og superleiing.

Max von Laue

Fødd9. oktober 1879
Pfaffendorf i Tyskland
Død24. april 1960 (80 år)
Berlin i Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdefysikk, krystallografi, røntgenstråling, relativitetsteorien, superleder
Yrkefysikar, universitetslærar, krystallograf
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Humboldt-Universität zu Berlin
Johann Wolfgang Goethe-Universität
Universitetet i Zürich
Physikalisch-Technische Bundesanstalt
Alma materUniversitetet i Strasbourg
Universitetet i Göttingen
Universitetet i München
Universitetet i Berlin
DoktorgradsrettleiarMax Planck
DoktorgradsstudentarLeó Szilárd
Kjend forRøntgendiffraksjon
EktefelleMagda von Laue
BarnTheodore Hermann Von Laue
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Akademie der Wissenschaften der DDR
Det pavelege vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
De atten fra Göttingen
American Academy of Arts and Sciences
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Physical Society
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Frå 1912 til 1914 var han professor i Zürich, frå 1914 til 1919 i Frankfurt am Main og frå 1919 til 1943 professor i Berlin og direktør ved Kaiser Wilhelm-instituttet i Berlin-Dahlem. Han var professor i Göttingen frå 1946 til 1951 og frå 1951 til 1958 var han direktør ved Fritz Haber-instituttet for fysikalsk kjemi i Berlin-Dahlem. I åra 1944–45 skreiv han ei bok om fysikkhistoria.

Laue vart i 1952 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Kjelder

endre