Opna hovudmenyen

Maximiliano Bajter

uruguayansk fotballspelar

Maximiliano Bajter (fødd 1. mars 1986 i Montevideo i Uruguay) er ein uruguayansk fotballspelar. Hausten 2011 spelte han på midtbanen for Brann i den norske Tippeligaen på lån frå den uruguayanske klubben Fénix. Bajter spelte for Peñarol i heimlandet frå 2006 til 2010 og vart seriemeister med dei i Uruguay i 2010. Etter dette gjekk han over til Fénix, ein annan Montevideo-klubb, der han spelte fram til sommaren 2011. I juli 2011 skreiv han kontrakt med Brann ut 2011-sesongen. Agenten Terje Liverød, som tidlegare har vore involvert i fleire sal av uruguayanske spelarar til Europa, mellom anna Brann-spelarane Diego Guastavino og Nicolás Mezquida, var sentral i overgangen.[2] Bajter debuterte i Tippeligaen som innbytar mot Viking 4. august 2011.[3]

Maximiliano Bajter
Personleg informasjon
Fødd 1. mars 1986 (33 år)
Fødestad Montevideo
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Fénix
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-10
2010-
2011
Uruguay Peñarol
Uruguay Fénix
Noreg Brann (lån)
51 (4)[1]
24 (4)[1]
8 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert

FotnotarEndra

KjelderEndra