Medby kapell

kyrkjebygg i Senja kommune

Medby kapell er eit bedehuskapell, ei langkyrkje i Medby i Senja kommune i Troms. Det er av tre og har 170 sitjeplassar.[1]

Medby kapell
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Senja
Fellesråd Torsken
Material Tre
Innvigd 29. august 1937
Klokker 1, O. Olsen & Søn (1965)
Preikestol Harry Nygård (1956)
Døypefont Karl Andreassen (1939)
Altartavle Anne Hansen (1967)
Orgel Vestre orgelfabrikk
Sitjeplassar 170
Kart
Medby kapell
69°16′52″N 17°02′49″E / 69.281164°N 17.046812°E / 69.281164; 17.046812

Kapellet vart opphavleg oppført som bedehus i Holmenvær like etter 1890. Der vart det brukt til 1933. I 1936 vart huset tatt ned og ført opp att i Medby, med vigsling 29. august 1937. Bedehuset vart nytta til kyrkjelege handlingar. I 1967 fekk huset påbygd kor, sakristi, kjøken, ein liten sal mm. Huset vert òg kalla Midtbygdens bedehuskapell.

Kjelder

endre
  1. Rasmussen.

Bakgrunnsstoff

endre
  • Medby kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren