Mederdra er ein by i Trarza-regionen sørvest i Mauritania, nær grensa til Senegal. Byen hadde 4 218 innbyggjarar i 2013.[1] Kommunen hadde 7 421 innbyggjarar.[2]

Mederdra
by
Land  Mauritania
Kart
Mederdra
16°55′10″N 15°39′40″W / 16.919472222222°N 15.661138888889°W / 16.919472222222; -15.661138888889

Transport

endre

Byen ligg langs ruta til ei foreslått jernbane for å kopla fosfatgruver i Kaédi med hovudstaden og hamnebyen Nouakchott.

Folk frå Mederdra

endre

Politikaren Horma Ould Babana blei fødd i Mederdra i 1912.[3]

Malouma Mint El Meidah, ein populær songar og politikar, blei fødd i Mederdra i 1960.[4]

Kjelder

endre
  1. «Mauritania: Regions, Cities & Urban Localites - Population Statistics in Maps and Charts». www.citypopulation.de (på engelsk). Henta 9. juli 2017. 
  2. «Mauritania: Administrative Division (Departments and Communes) - Population Statistics, Charts and Map». www.citypopulation.de. Henta 16. februar 2024. 
  3. Pazzanita, Anthony G. (2008). Historical Dictionary of Mauritania (på engelsk). Scarecrow Press. s. 255–256. ISBN 9780810862654. Henta 18. mars 2018. 
  4. Châtelot, Christophe (14. juli 2009). «Malouma, diva rebelle» (på fransk). Paris, France: Le Monde Afrique. Henta 16. januar 2016.