Malouma
Malouma Mint El Meidah, også berre Maalouma eller Malouma (uttale /mɑːloʊmɑː/; fødd 1. oktober 1960), er ein mauritansk songar, låtskrivar og politikar. Ho voks opp i den sørvestlege delen av landet med foreldre som som hadde god kjennskap til tradisjonell mauritansk musikk. Malouma opptredde for fyrste gong då ho var tolv år, og heldt snart solokonsertar. Den fyrste songen hennar, «Habibi Habeytou» inneheldt ein skarp kritikk av korleis kvinner blei behandla av ektemennene sine. Sjølv om songen raskt blei ein suksess, førte han til ramaskrik frå dei tradisjonelle herskande klassane. Etter å ha blitt tvinga inn i eit ekteskap medan ho framleis var tenåring, måtte Malouma gje opp å syngja til 1986. Ho utvikla sin eigen stil som kombinerte tradisjonell musikk med blues, jazz og electro. Ho opptredde på fjernsyn med songar som tok for seg svært kontroversielle emne, som gift samliv, fattigdom og ulikskap. Tidleg på 1990-talet blei ho sensurert i Mauritania, men hadde byrja opptre utanlands ved slutten av tiåret. Etter at forbodet mot musikken hennar endeleg blei oppheva, byrja ho med konsertar og innspelingar att, og fann popularitet særleg hjå den yngre generasjonen. Det fjerde albumet hennar, Knou (2014), uttrykker mellom anna synet hennar på menneskerettar og stillinga til kvinna i samfunnet.
Malouma | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mederdra | ||
Fødenamn | arabisk المعلومة منت الميداح, romanisert al-Maʿlūma Mint al-Maydāḥ | ||
Opphav | Mauritania | ||
Sjanger | blues | ||
Instrument | Instrumentet ardin | ||
Verka som | politikar, musikar, låtskrivar, skodespelar, skribent | ||
Prisar | Ridder av Æreslegionen |
I tillegg til å vera aktiv som musikar har Malouma òg kjempa for å verna mauritansk musikk, og har oppfordra styresmaktene til å oppretta ein musikkskole, danna sin eigen organisasjon for å støtta den musikalsk arven, og i 2014 oppretta ho sin eigen musikkfestival. Ho blei vald til senator i 2007, som den fyrste politikaren frå sin kaste, men blei arrestert året etter etter eit statskupp. Då det blei halde val att i 2009, blei ho senator for opposisjonspartiet Ech-Choura, der ho fekk særansvar for miljø. Dette førte til at ho i 2011 blei utnemnd til Goodwill-ambassadør for Sentral- og Vest-Afrika. I desember 2014 kunngjorde ho at ho gjekk frå opposisjonen til å bli medlem av regjeringspartiet Union pour la République, der ho følte at ho kunne vera meir effektiv i å bidra til framtida i landet. Arbeidet hennar er blitt anerkjent av Frankrike, som har utnemnd henne til riddar av Æreslegionen, og USA, ved at den amerikanske ambassadøren i Mauritania kalla henne «Mauritanian Woman of Courage».
Bakgrunn
endreMalouma Mint Moktar Ould Meidah blei fødd i Mederdra i Trarza-regionen i Sørvest-Mauritania den 1. oktober 1960,[1] same året som landet fekk sjølvstende frå Frankrike.[2] Ho var fødd i ein griot-familie,[3] og voks opp i den vesle ørkenlandsbyen Charatt, like sør for Mederdra.[4] Far hennar, Mokhtar Ould Meidah, var ein kjend songar, tidinet-spelar og diktar,[5] og bestefar hennar, Mohamed Yahya Ould Boubane, er minna som ein talentfull forfattar og tidinet-virtuos.[6] Mor hennar kom òg frå ei familie av kjende tradisjonelle songarar.[7] Ho byrja læra dotter si å spela ardin, ei harpe med ti strenger som tradisjonelt blir spelt av kvinner, då Malouma var seks år gamal.[8][9] Malouma byrja på skulen i Mederdra i 1965. Ho kvalifiserte seg som grunnskulærar i 1974 i Rosso. Men som medlem av Meidah-familien var ho forplikta til å halda fram med kunsten til forfedrane sine, etter mauritansk tradisjon. Medlemmar av kvar kaste er berre tillatne å gifta seg med andre medlemmer av same kaste, og heile samfunnet er delt av kaster politisk, økonomisk og kulturelt. Det er ikkje tillate å flytta ut av ein viss kaste.[7] Som resultat måtte Malouma gje opp ønsket sitt om å undervisa.[10] Ho lærte å spela på dei tradisjonelle strengeinstrumenta som berre kvinner spelar, særleg ardin, og fekk opplæring i tradisjonell mauritansk musikk av far sin, som likte ei eklektisk blanding av musikk.[10] Som resultat høyrde ho klassisk vestleg musikk som Beethoven, Chopin, Mozart, Vivaldi[2] og Wagner i oppveksten, i tillegg til musikk frå tradisjonelle berbar-, egyptiske, libanesiske og senegalesiske kunstnarar.[11] Ho følgde ofte med foreldra sine, som opptredde som tradisjonelle griotar.[11]
Malouma byrja å syngja som barn, og opptredde på scenen for fyrste gong då ho var tolv år. Ho byrja opptre på solokonsertar med eit tradisjonelt repertoar då ho var femten.[12] I tillegg til rettleiing frå faren, blei ho inspirert av andre tradisjonelle kunstnarar som Oum Kalthoum, Abdel Halim Hafez, Fairouz, Dimi og Sabah. Etterkvart som ho voks opp, blei ho meir og meir interessert i bluesmusikk, som tiltalte henne med ein viss likskap til den tradisjonelle musikken ho kjende til.[6] Malouma skreiv den fyrste songen sin, «Habibi Habeytou» (‘Min elska, eg elska han’) då ho var seksten år gamal.[5] Det var ein song som protesterte mot skikken til menn som dreiv koner vekk frå heimane sine for å gifta seg med yngre kvinner. Songen gjorde henne raskt kjend, men skapte også ein sterk motreaksjon, med fysiske åtak frå det etablerte muslimske samfunnet.[13] Kort tid etter at Malouma skreiv songen, flytta familien til houvdstaden Nouakchott for å hjelpa henne med å starta musikkarrieren sin. Men i det sterkt tradisjonelle samfunnet blei Malouma tvinga til å gifta seg, og slutta med å synga fram til slutten av 1980-talet.[12] Ho blei seinare skulda av far sin for å ha øydelagt omdømet hans. I tillegg til kritikken som kom frå songane hennar, hadde ho ført skam over familien sin ved å skilja seg to gonger: den fyrste mannen var ho blitt tvinga til å gifta seg med, medan den andre kom frå ein adeleg familie som ikkje ville la henne synga. Etter å ha høyrt ein av songane hennar, sa faren til henne: «Du har skapt noko nytt og eg finn det rørande. Dessverre vil eg ikkje leva lenge nok til å kunna verna deg».[14]
Musikalsk karriere
endreBakgrunn
endreMalouma viste fyrst fram fusionstilen sin, som kombinerte tradisjonell musikk med meir moderne stilar som blues, jazz og electro, for eit større publikum i 1986.[2] Dei tidlege songane hennar «Habibi habeytou», «Cyam ezzaman tijri»og «Awdhu billah», som ope tok for seg kjærleik, samliv og ulikskapar mellom kvinner og menn, stod i sterk kontrast til kva som var rekna som akseptabelt i landet. Likevel hadde dei sterk publikumsappell, særleg blant unge kvinner. Malouma gjorde seg flid i utviklinga av stilen sin, der ho blanda tradisjonelle tema med det rike repertoaret og instrumentasjonen til moderne populærmusikk.[6] Verka hennar byggjer typisk på tradisjonar etter klassiske arabiske diktarar, som Al-Mutanabbi og Antarah ibn Shaddad, med vers som tek for seg politisk kritikk, personlege offer og støtte for svake og undertrykte.[4] Ho har også bygd på tradisjonelle mauritanske tema, og modernisert både tekst og musikalsk presentasjon.[4]
Frå byrjinga song Malouma på fleire ulike språk, som tradisjonell arabisk, hassania (mauritansk arabisk), fransk og volof.[15] Ved å synge på ulike språk, søkte ho å få bodskapen sin ut til eit breiare publikum.[5] Det tok ikkje lenge før ho opptredde på TV saman med systera si, Emienh, og broren Arafat, som var instrumentalist. Stilen deira var kontroversiell, særleg etter at songen hennar «Habibi Habeytou» kom ut og etter ein konsert på Kartago-festivalen i Tunis i 1988, då ho gjekk inn på sosiale problem, som fattigdom, ulikskap og sjukdom som ikkje var generelt akseptabelt å ta opp i Mauritania.[10] Festivalopptredenen hennar førte til at ho også blei synt på arabiske satellittkanalar, nok som gav henne større eksponering.[16] Malouma blei nasjonalt kjend og var ein etterspurd utøvar fram til 1991, då ho laga ein song om ytringsfridom.[17] Etter å ha blitt sensurert for å ha skrive songar som framheva kvinnerettar, blei ho nekta å opptre på offentleg fjernsyn og radio, halda konserter, og blei til og med nekta ein permanent adresse.[18] Ho heldt ikkje konsertar i ein lang periode, men på slutten av 1990-talet byrja ho å synge i andre afrikanske land, i Europa og i USA.[19][20][21] Medan ho vann eit publikum blant folket, blei Malouma framleis forfølgd av både moralske autoritetar og den autoritære styresmakta, og musikken hennar blei verande heilt forboden fram til 2003, då ei folkemengd på 10.000 oppfordra president Ould Taya til å avskaffa sensuren, og lukkast.[9][22] Nokre av avgrensingane blei verande til president Ould Taya blei styrta i 2005.[11]
Dei tradisjonelle griotane er lovsongarar, men Malouma brukte røysta si til å tala imot barneekteskap, etnisk diskriminering, slaveri og andre splittande problem som landet hennar står overfor som ein møtestad mellom den arabiske verda og afrikansk kultur.[2] Ho har òg sunge om analfabetisme, HIV/AIDS-medvit og til støtte for bornevaksiner.[3]
Album og band
endreDet fyrste albumet til Malouma, Desert of Eden, blei gjeve ut av Shanachie Records i 1998. Under produksjonen følte ho at dei tradisjonelle elementa blei tatt ut frå musikken, slik at det blei til «blind elektronisk pop», sjølv om albumet fekk gode meldingar frå JazzTimes.[23][24] På byrjinga av 2000-talet byrja ho å arbeida med gruppa Sahel Hawl Blues som bestod av ti unge mauritianske musikarar av ulike etniske opphav (maurisk, fulani, toucouleur, soninke, volof og haratin), og demonstrerte gjennom dette eit ønske om å overvinna raseskilje. På denne måten fekk ho òg høve til å utvida musikken basert på tradisjonelle mauriske strenginstrument til å inkludere beat frå djembe, darbouka og rammetromma bendir. Gruppa under leiing av Hadradmy Ould Meidah støtta ønsket om å modernisera tradisjonell musikk, slik at han blei meir tilgjengeleg for resten av verda.[22][25] Dei turnerte saman i 2004 og 2005, og samarbeidde om det andre albumet til Malouma, Dunya, der ho prøvde å ta tilbake den musikalske arven sin.[4] Albumet blei produsert av Marabi Records i 2003, og inneheld tolv songar som blandar harper, lutt og skinntrommer med elektrisk gitar og bass, og tradisjonelle sjangrar som serbat, som vanlegvis fokuserer på ein enkelt mollakkord, med jazz.[23]
Albumet Nour blei gjeve ut i Frankrike 8. mars 2007 i samband med deen internasjonale kvinnedagen.[26] Det var produsert av Marabi/Harmonia Mundi, og hadde ei vid blanding av musikktypar, frå bånsullar til dansemusikk. Songen til Malouma blei akkompagnert av ei gruppe på femten studiomusikarar som spelte ulike elektroniske og tradisjonelle instrument.[11] Kritikkane var blanda, men CD-en nådde 14. plassen på World Music Charts Europe i september 2007.[27][28][29] Etter ein pause frå musikken for å fokusera på politisk arbeid, lanserte Malouma musikkarrieren sin igjen den 5. oktober 2014. Kledd i ein blå toga presenterte ho det nye albumet sitt, Knou, på ei særskild tistelling, og dukka opp på scenen for fyrste gong sidan ho blei vald sju år tidlegare.[14][30] Ho valde å kalle albumet «Knou», som er namnet på ein dans som vanlegvis blir utført av kvinner i vest Mauritania.[31] Albumet fokuserte på tradisjonelle dansemelodiar, men med ein moderne vri.[10] Det vov jazz-, rock- og reggae-rytmar inn i dei tradisjonelle songane, og blei godt motteke.[32]
Musikkfestivalar
endreMusikfestivalopptredenar har vore ein stor del av karrieren til Malouma. Den fyrste gongen ho deltok på ein internasjonalt festival var i Kartago i Tunisia i 1988; framføringa hennar var svært vellykka.[9] Malouma gjekk tilbake på scenen i august 2003, og opptredde på Festival des Musiques Métisses i Angoulême i Frankrike med musikk frå albumet sitt Dunya. Ho blei ikkje berre vald som artiste de l'année (årets kvinnelege kunstnar), men blei òg kalla Diva des Sables ('Diva frå ørkenen').[9] Suksessen hennar heldt fram i oktober same året ved World Music Expo i Sevilla i Spania, der ho blei utropt av juryen til utvald utøvar.[33][34] Eit av høgdepunkta på Festival des Musiques Métisses i Angoulême var den nostalgiske utgåva til «Mreïmida». Songen viste seg like populær i Mauritania på Nouakchott Festival of Nomadic Music i 2004. Ho hadde til slutt fått lov til å ta del etter at bannlysinga hennar var blitt oppheva. Ho framførte der med ei anna kvinneleg mauritansk stjerne, Dimi Mint Abba, og blei akkompagnertt av den franske pianisten Jean-Philippe Rykiel på synthesizer.[9]
Malouma turnerte i USA i 2005 med opptredenar i Ann Arbor, Chicago, Boston og Cambridge i Massachusetts, Lafayette (ved Festival International de Louisiane), før ho avslutta turneen i New York.[33] To år seinare deltok Malouma ved den 32. Paléo-festivalen i Nyon i Sveits, som fokuserte på musikarar frå Nord-Afrika.[35] Ho opptredde òg ved Førde International Folk Music Festival i Førde i Noreg i 2010, under temaet «fridom og undertrykking».[36][37] På Festival International des Arts de l'Ahaggar i Abalessa i Algeria blei ho vald som ein av dei tre artistane som skulle opptre i den store finalen, og fekk anerkjenningar for balansen mellom instrument og vokal, komposisjon, og dei to bakgrunnssongarane.[38] I 2013 opptredde ho ved World of Music, Arts and Dance Festival (WOMAD), i Wiltshire i England, og hadde eit «Taste The World» arrangement der utøvarane ikkje berre song, men også laga ein rett frå landet sitt. Maloumas sine pannekaker med lammefyll[39] var eit høgdepunkt på festivalen som presenterte ein originalt og personleg møte mellom musikaren og publikum.[39] Den andre sceneopptredenen hennar på arrangementet fekk òg ros for rockestjerneopptredenen hennar som òg omfamna moderne musikk.[40] I 2014 deltok Malouma ved Meeting of the Arts of the Arab World, ein festival i Montpellier i Frankrike, og på festivalen Rhizomes i Paris.[41][42]
I juni 2022 opptredde Malouma i Nouakchott ved den fyrste internasjonale musikalske gallaen i landet etter koronapandemien i lag med den spanske gitaristen Rafael Serrallet.[43]
Politikk
endreMalouma, offisielt Malouma Meidah, blei fyrst politisk aktiv som medlem av opposisjonspartiet i 1992, og tala for demokratisering av landet.[2] I 2007, i det som blei sett på som det fyrste frie og rettviset valet i landet, blei ho vald inn til Senatet i Mauritania, som ein av seks kvinnelege senatorar i eit kammer med 56 medlemmer.[44][10][45] Ho var den fyrste personen frå iggawen-kasten til å arbeida i politikken.[7] Kort tid etter at ho var blitt vald, fann det stad eit statskupp i Mauritania i 2008 som avsette den fyrste demokratisk valde statsleiaren, Sidi Mohamed Ould Cheikh Abdallahi.[2] Fordi Maloum hadde skrive songar som kritiserte kuppet, blei ho sjølv arrestert og over tusen kassetter og CD-ar med musikken hennar blei konfiskerte.[46] Etter kuppet lét den nye leiaren, Mohamed Ould Abdel Aziz, det halda val etter berre eit kort opphald. Han blei vald til president i juli 2009. Det blei òg halde val i senatet der ein tredjedel av medlemmene stod overfor gjenval.[47] Den parlamentariske opposisjonsgruppa, kalla "Ech-Choura", som Malouma var medlem av og var fyrstesekretær for, hadde 12 medlemmar i senatet etter valet i 2009.[48][47] Ho var òg med i den parlamentariske gruppa for miljøet og var 2. sekretær av komiteen for utanlandskader, forsvar og væpna styrkar.[49][50]
I april 2014 kunngjorde Malouma at ho ikkje lenger følte at ho kunne halda fram med den politiske kampen for demokrati, sjølv om ho ville fortsette å støtte kulturelle og miljømessige årsaker.[14] Likevel inneheldt tekstane på Knou allusjonar til dei politiske sakene ho brann for: likskap og rettar for alle, plassen til kvinner i samfunnet og utdanning for dei unge, som alle var truga, og miljøvern. I august 2014 sa ho om den politiske rolla si som senator for opposisjonspartiet Rassemblement des forces démocratiques: «Eg nyttar nærværet og taletida mi i kammeret til å utvida effekten av tekstane og songane mine. Kvar gong eg møter ministrar eller viktige personlegdommar, fortel eg dei kva folk forventar frå dei».[31][10] På ein pressekonferanse den 16. desember 2014 kunngjorde Malouma at ho ville forlata opposisjonen og bli medlem av regjeringspartiet Union pour la République, med grunngjevinga at ho ville kunna delta meir effektivt i bygginga av Mauritania ved å stå bak politikken til den dåverande leiaren Aziz.[10]
Vern av miljø og kultur
endreI tillegg til arbeidet som musikar og politikar, har Malouma vore involvert i både miljøvern- og kulturvernprosjekt.[14]
Miljøaktivisme
endreI 2009 var Malouma Mediah involvert i eit prosjekt som gjekk ut på å flytta 9000 familiar frå slumområde i utkanten av byen til nabolag nærare sentrum. Ho insisterte på at av helsemessige grunnar måtte ein fyrst gjennomføra utbetringar av infrastrukturen.[51] I august 2011 utnemnde Verdas naturvernunion (IUCN) Malouma som goodwill-ambassadør for Sentral- og Vest-Afrika, med ei rolle om å vekka merksemd om miljøproblem med sikte på å introdusere berekraftige løysingar.[52][53][54] I september 2012 heldt ho ein konsert under verdskongressen til IUCN på Jejuøya i Sør-Korea.[54]
Kulturvern
endreSom følgje av det mauritanske kastesystemet er utviklinga av tradisjonell musikk i Mauritania berre blitt driven nokre få familiar, med lite støtte frå storsamfunnet. Ettersom familiane ikkje har råd til å ta vare på eller spela inn musikken sin, blir verka deira ofte gløymde når det ikkje finst familiemedlemmar som er interesserte i å halde fram med å halda tradisjonane ved like. Situasjonen er blitt forverra av reglar som forbyr støtte som ikkje kjem frå familien.[55] Malouma var uroa for at dei musikalske tradisjonane i landet var i ferd med å forsvinna. I 2006 oppfordra ho styresmaktene til å oppretta ein skule for å verna om musikkarva i landet, og introduserte også eit forslag om dette i parlamentet.[56][7] I 2011 oppretta ho Malouma Foundation for å verna om bevaringa av den nasjonale musikkarva.[32] Stiftinga har som mål å verna om og bevara dei arabiske, afrikanske og berbiske røtene til mauritansk musikk, og samlar og lagrar musikk frå heile landet for å både bevare og gjera han tilgjengeleg for andre brukarar, inkludert utdanning.[57] Etter langvarig uro for at dei mauriske musikktradisjonane i landet var i ferd med å erstattast av den maliske og marokkanske musikken som blei føretrekt av yngre folk, opprette ho ein mauritansk musikkfestival i 2014.[13][14]
Då ho produserte Nour i 2007, samarbeidde Malouma med målaren Sidi Yahia, i håp om å skapa visuelle bilder for å illustrere songane på albumet. Samarbeidet førte til elleve måleri, og Malouma og Yahia presenterte kulturelle diskusjonar om verka sine med tittelen Regarder la musique, écouter la painture? (Sjå musikken, høyr måleriet?) I 2013 blei ei det halde ei månadslang for å visa måleria og musikken som inspirerte dei på eit galleri i Nouakchott.[32][58] I 2015, etter å ha motteke ein tilslag frå Arabisk Kulturfond, overtalte Malouma musikarar til å samarbeida med kunstnarar når dei spelte inn musikk. Prosjektet tok sikte på å samla musikk frå seks kunstnarar og produsere eit album med verka deira. Malouma har halde fram med å pressa for å skipa ein musikkskule, sjølv om det ville krevja å overvinna tabu på familierestriksjonar knytte til musikkarven.[59]
Prisar og utmerkingar
endreI 2003 blei Malouma vald ut av juryen som ein framsyningsartist av World Music Expo (FEMEX). To år seinare blei ho vald ut av BBC-musikologen Charlie Gillett til samlealbumet Favorite Sounds of the World.[60][61] Også i 2005 produserte N'Diaye Cheikh, ein mauritansk filmskapar, ein dokumentar om henne, Malouma, diva des sables med Mosaic Films, som vann pris for beste dokumentar på Festival international du film de quartier (FIFQ i Dakar) og ein pris ved Festival International de Programmes Audiovisuels (FIPA) i 2007 som blei halden i Biarritz i Frankrike.[62][63] Ho var ein av dei to kandidatane for Midtausten og Nord-Afrika i BBC Radio 3 Awards for World Music i 2008.[64] Griot-samfunnet i Mauritania har òg hylla henne ved å kalla henne «den fyrste sanne komponisten i Mauritania».[4]
Malouma blei utnemnd til medlem av Æreslegioneni 2013 av den franske ambassadøren, Hervé Besancenot, som agerte på vegner av president Nicolas Sarkozy.[10][65] 20. januar 2015 blei Malouma, «folkets songar og senator», heidra av den amerikanske ambassadøren Larry André ved ein lunsj der leiande personar i landet, særleg kvinner, tok del. Då ambassadøren presenterte Malouma med prisen «Mauritanian Woman of Courage», sa han at ho hadde «uvanleg mot og leiarskap i å tala for menneskerettar, kvinne-, kjønnslikskap og harmoni inna dei kulturelle tradisjonane i Mauritania.»[66]
Verk i utval
endre- 1998, Desert of Eden[67]
- 2003, Dunya (Liv), 12 spor, spelt inn på Marabi-merket i Nouakchott; ei blanding av blues, rock og tradisjonelle melodiar frå sørlege Mauritania og Indo-Pakistan, alle sungne på hassaniya[9][20]
- 2007, Nour (Lys), 12 spor, spelt inn på Marabi-merket under eit opphald i Angloulême i 2003 med støtte frå festivalorganisatoren Christian Mousset; ei samling av dansbeat med elektriske gitarar men utan dei tradisjonelle instrumenta til maurane[9][11]
- 2014, Knou, ei samling av etno-pop-melodiar gjennomvovne av dei tradisjonelle instrumenta tidinit og ardin[68]
Kjelder
endre- ↑ «Malouma: Biographie» (på fransk). France Inter. Arkivert frå originalen 2. juli 2021. Henta 30. september 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Châtelot 2009.
- ↑ 3,0 3,1 African Business 2003.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Rush et al. 2004–2005.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 African Business 2003, s. 66.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Omer.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 الخليل (Khalil) 2008.
- ↑ Lusk 2008.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 Taine-Cheikh 2012.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 Al Jazeera Encyclopedia 2014.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 De la Haye 2007.
- ↑ 12,0 12,1 Rush et al. 2004–2005, s. 10.
- ↑ 13,0 13,1 Skelton 2007.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Berthod 2014.
- ↑ Rush et al. 2004–2005, s. 8.
- ↑ Folkeson 2008.
- ↑ Rush et al. 2004–2005, s. 12.
- ↑ Didcock 1998.
- ↑ Rush et al. 2004–2005, s. 11.
- ↑ 20,0 20,1 Elbadawi 2003.
- ↑ Rush et al. 2004–2005, s. 7.
- ↑ 22,0 22,1 Seck 2007.
- ↑ 23,0 23,1 Eyre 2005.
- ↑ Woodard 1998.
- ↑ Mousset 2008.
- ↑ Labesse 2007, s. 30.
- ↑ Denselow 2007.
- ↑ Orr 2007.
- ↑ World Music Central 2007.
- ↑ WikiTV 2014.
- ↑ 31,0 31,1 Diallo 2014.
- ↑ 32,0 32,1 32,2 Lemancel 2014.
- ↑ 33,0 33,1 Romero 2005.
- ↑ Mondomix 2003.
- ↑ Paléo Festival 2007.
- ↑ World Music Central 2010.
- ↑ Landssamanslutninga av nynorskkommunar 2010.
- ↑ Presse-Algerie 2012.
- ↑ 39,0 39,1 Johnson 2013.
- ↑ Elobeid 2013.
- ↑ CRIDEM Communication 2014.
- ↑ Degeorges 2014.
- ↑ ELDIAdigital.es. «Rafael Serrallet lleva su guitarra por el desierto mauritano» (på spansk). Arkivert frå originalen 4. juli 2022. Henta 3. juli 2022.
- ↑ Freedom House 2009.
- ↑ Tran 2007.
- ↑ U.S. Department of State 2012.
- ↑ 47,0 47,1 Inter-Parliamentary Union 2011.
- ↑ Sénat Mauritanien 2009a.
- ↑ Sénat Mauritanien 2009b.
- ↑ Sénat Mauritanien 2009c.
- ↑ Integrated Regional Information Networks 2009.
- ↑ Smith-Asante 2011.
- ↑ Schulman 2015.
- ↑ 54,0 54,1 IUCN 2012.
- ↑ Bucher & Outpost 2015, s. 1.
- ↑ Bucher & Outpost 2015, s. 2.
- ↑ Bensignor 2014.
- ↑ ZeinArt 2013.
- ↑ Bucher & Outpost 2015.
- ↑ Romero 2003.
- ↑ World Music Central 2005.
- ↑ AfriCine 2013.
- ↑ Africa Doc Network 2007.
- ↑ BBC 2008.
- ↑ Mamady 2013.
- ↑ U.S. Department of State 2015.
- ↑ Hammond 2004, s. 159.
- ↑ Labesse 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Malouma» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2024.
Bibliografi
endre- Bensignor, François (April 24, 2014). «Malouma: le retour d'une chanteuse sénatrice». Mondomix (på fransk). Paris, France. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- Berthod, Anne (28. april 2014). «Malouma, la diva contestataire de Nouakchott». Télérama (på fransk) (Paris, France). Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Bucher, Nathalie Rosa (23. mars 2015), «Saving Mauritania's Musical Heritage» (PDF), The Outpost (Beirut, Lebanon: Arab Culture Fund), arkivert frå originalen (PDF) 30. januar 2016, henta 18. januar 2016
- Mousset, Christian (2008). «Malouma». Conseil francophone de la chanson (på fransk). Arkivert frå originalen 17. mai 2008. Henta 21. januar 2016.
- Châtelot, Christophe (14. juli 2009). «Malouma, diva rebelle». Le MondeAfrique (på fransk) (Paris, France). Arkivert frå originalen 1. februar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Degeorges, Françoise (25. juni 2014). «Le festival Rhizomes + rencontre avec la chanteuse mauritanienne Malouma». France Musique (på fransk). Paris, France. Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- De la Haye, Fleur (16. mars 2007). «Malouma La griotte mauritanienne sort Nour». RFI Musique (på fransk). Paris, France. Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Denselow, Robin (4. mai 2007). «CD Malouma, Nour». The Guardian (London, England). Arkivert frå originalen 24. februar 2017. Henta 17. januar 2016.
- Diallo, Bios (8. august 2014). «Musique maestro: Malouma, une diva citoyenne». Cridem (på fransk). Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 18. januar 2016.
- Didcock, Barry (27. november 1998). «No Matter How Hard the Censors Try, You Just Can't Keep a Good Song Down». The Scotsman. Arkivert frå originalen 20. februar 2016. Henta 16. januar 2016 – via HighBeam Research.
- Elbadawi, Soeuf (June 10, 2003). «Musiques métisses 2003 Angoulême, fidèle à sa légende» (på fransk). Paris, France: RFI Musique. Arkivert frå originalen 13. februar 2016. Henta January 16, 2016.
- Elobeid, Fadil (31. juli 2013). «Review: Womad 2013». Whats on Africa. London, England: Royal African Society. Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- Eyre, Banning (April 14, 2005). «Desert storm: Malouma brings the blues from Mauritania». The Boston Phoenix (Boston, Massachusetts). Arkivert frå originalen 10. oktober 2015. Henta 17. januar 2016.
- Folkeson, Annika (15. september 2008). «First She Took Azm Palace, Then She'll Take the Golan». The Daily Star. Arkivert frå originalen 25. oktober 2023 – via TheFreeLibrary.
- Hammond, Andrew (2004). Pop Culture in the Arab World!: Media, Arts, and Lifestyle. ABC-CLIO. ISBN 9781851094493. Arkivert frå originalen October 25, 2023. Henta 15. juni 2021.
- Johnson, Steven (2. august 2013). «Festival Review: WOMAD 2013». Music OMH. Arkivert frå originalen 16. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- الخليل, أحمد (24. september 2008). «أول مغنية عربية تصل إلى البرلمان.. معلومة بنت الميداح نقلت الفن الموريتاني إلى العالمية». Tishreen News (på arabisk) (Damascus, Syria). Arkivert frå originalen 16. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Labesse, Patrick (13. mars 2007). «Les femmes dopent les musiques du monde». Le Monde (på fransk). Arkivert frå originalen 25. oktober 2023. Henta 16. januar 2016 – via EBSCO.
- Labesse, Patrick (May 20, 2014). «Malouma tisse sons pop et musique mauritanienne». Le Monde (på fransk) (Paris, France). Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta January 16, 2016.
- Lemancel, Anne-Laure (11. april 2014). «Malouma, chanter ses combats Nouvel album, Knou». RFI Musique (på fransk). Paris, France. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Lusk, Jon (2008). «Malouma (Mauritania)». BBC – Awards for World Music. BBC. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 17. januar 2016.
- Mamady, Camara (25. mai 2013). «Malouma Mint Meidah, la "Chanteuse du Peuple" Médaillée de L'ordre de la Légion d'honneur». Acturim Overblog, Le Rénovateur Quotidien (på fransk). Arkivert frå originalen 2. februar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Nelson, TJ (28. november 2008). «Bending the Blues». Durham, North Carolina: World Music Central. Arkivert frå originalen 15. februar 2016. Henta 19. januar 2016.
- Omer, Ould. «Malouma». Africultures (på fransk). Arkivert frå originalen 1. februar 2016. Henta 17. januar 2016.
- Orr, Tom (8. juli 2007). «Not Just Maur of the Same». World Music Central (Durham, North Carolina). Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 19. januar 2016.
- Romero, Angel (5. august 2003). «WOMEX 2003 Showcase Selection Announced». World Music Central (Durham, North Carolina). Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 18. januar 2016.
- Romero, Angel (March 25, 2005). «Mauritania's Malouma Presents Free African Rhythms & Arabic Lyrics Workshop in Boston». World Music Central (Durham, North Carolina). Arkivert frå originalen 31. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- Rush, Omari; Lin, Michelle; Nelson, Erika; Baker, Rowyn; Johnson, Ben (2004–2005). «Malouma and the Sahel Hawl Blues: Teacher Resource Guide» (PDF). UMS Youth Education (Ann Arbor, Michigan: University Musical Society, University of Michigan). Arkivert frå originalen (PDF) 20. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Schulman, Mark (2015). 2014 IUCN annual report. IUCN. ISBN 978-2-8317-1725-8.
- Seck, Nago (7. mai 2007). «Malouma Mint El Meidah» (på fransk). Aubervilliers: Afrisson. Arkivert frå originalen 23. september 2017. Henta 22. januar 2016.
- Skelton, Rose (30. april 2007). «Mauritania's fiery singing senator». London: BBC. Arkivert frå originalen 25. desember 2015. Henta 16. januar 2016.
- Smith-Asante, Edmund (11. august 2011). «IUCN appoints Maalouma Mint Moktar Ould Meidah as Goodwill Ambassador». Ghana Business News. Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 16. januar 2016.
- Taine-Cheikh, Catherine (2012). «Les chansons de Malouma, entre tradition, world music et engagement politique». Quaderni di Semistica (på fransk) (Florence, Italy: Dipartimento de Linguistica, Università di Firenze) 28: 337–362. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- Tran, Phuong (7. august 2007). «Mauritanian Singer Tackles Social Problems in Legislature». New York City, New York: Voice of America. Arkivert frå originalen 29. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- Woodard, Josef (May 1998). «Spheres». Jazz Times (Silver Spring, Maryland: JazzTimes, Inc.). ISSN 0272-572X.
- «Singer of the People». African Business (291). oktober 2003. ISSN 0141-3929. Arkivert frå originalen 25. oktober 2023. Henta 16. januar 2016 – via EBSCO.
- «Malouma, diva des sables». Africa Doc Network. 2007. Arkivert frå originalen 21. juli 2020. Henta 20. januar 2016.
- «N'diaye Cheikh». AfriCine. 2013. Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- «المعلومة بنت الميداح.. ألحان الفن وأحلام السياسة». Al Jazeera (på arabisk) (Doha, Qatar: Al Jazeera Encyclopedia). 12. februar 2014. Arkivert frå originalen 10. oktober 2018. Henta January 16, 2016.
- «Missy Nouakchott». AllMusic. Arkivert frå originalen 6. februar 2016. Henta 19. januar 2016.
- «Sable Émouvant». AllMusic. Arkivert frå originalen 6. februar 2016. Henta 19. januar 2016.
- «BBC Radio 3: Awards World Music '08». BBC. 2008. Arkivert frå originalen 31. juli 2013. Henta 20. januar 2016.
- «Festival Arabesques: Malouma, la grande dame d'Arabesques» (på fransk). Nouakchott, Mauritania: Carrefour de la République Islamique de Mauritanie Communication. May 20, 2014. Arkivert frå originalen 20. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- «Mauritania:Freedom in the World 2009». Washington, D.C.: Freedom House. 2009. Arkivert frå originalen 25. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- «Mauritania: City versus slum». Integrated Regional Information Networks. 31. mars 2009. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 18. januar 2016.
- «Mauritania: Majlis Al-Chouyoukh (Senate)» (på fransk). Le Grand-Saconnex, Switzerland: Inter-Parliamentary Union. 2011. Arkivert frå originalen 25. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- «Highlights: World Conservation Congress, Jeju 2012» (PDF). IUCN. September 2012. Arkivert frå originalen (PDF) January 28, 2016. Henta January 16, 2016.
- «Fridom og undertrykking i Førde» (på norsk). Oslo, Norway: Landssamanslutninga av nynorskkommunar. 5. juli 2010. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 20. januar 2016.
- Library of Congress. «DuOud (Musical group) prf». Washington, DC: Library of Congress. Arkivert frå originalen 25. oktober 2023. Henta 19. januar 2016.
- «Atmosphere». Sevilla: Mondomix. 24. oktober 2003. Arkivert frå originalen 25. februar 2009. Henta 20. januar 2016.
- «2007 Paléo Festival Nyon». Nyon, Switzerland: Paléo Festival Nyon. 2007. Arkivert frå originalen 15. februar 2016. Henta 20. januar 2016.
- «Malouma, Bambino et Tinariwen pour un final en apothéose» (på fransk). Algiers, Algierie: Presse-Algerie. February 20, 2012. Arkivert frå originalen 16. februar 2016. Henta 20. januar 2016.
- «Groupe Ech-choura» (på fransk). Nouakchott, Mauritania: Sénat Mauritanien. 2009. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- «Groupe parlementaire pour l'environnement» (på fransk). Nouakchott, Mauritania: Sénat Mauritanien. 2009. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- «Commission des Affaires étrangères, de la défense et des Forces Armées» (på fransk). Nouakchott, Mauritania: Sénat Mauritanien. 2009. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 17. januar 2016.
- U.S. Department of State (2012). Country Reports on Human Rights Practices 2009. I: Africa, East Asia and the Pacific. Washington, DC: Government Printing Office. GGKEY:EXCA0EGBR49.
- «Press Release on the 2015 Mauritanian Woman of Courage Award». U.S. Department of State. 20. januar 2015. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 1. januar 2016.
- «Malouma Mint Meidah présente "Knou", son troisième album» (på fransk). WikiTV (YouTube). 6. oktober 2014. Arkivert frå originalen 21. juli 2020. Henta 17. januar 2016.
- «Charlie Gillett Introduces His Favorite Sounds of the World on 2 CDs». Durham, North Carolina: World Music Central. 17. oktober 2005. Arkivert frå originalen 15. februar 2016. Henta 18. januar 2016.
- «WOMEX Announces Top 15 World Music CDs of the Year». Durham, North Carolina: World Music Central. 7. september 2007. Arkivert frå originalen 27. januar 2016. Henta 19. januar 2016.
- «Interview with Mauritanian Griot Malouma». Durham, North Carolina: World Music Central. 7. juli 2010. Arkivert frå originalen 15. februar 2016. Henta 20. januar 2016.
- «Malouma mint Meidah et Sidi Yahya». ZeinArt Concepts (på fransk). Nouakchott. 2009. Arkivert frå originalen 28. januar 2016. Henta 23. januar 2016.