Meg Ryan

amerikansk skodespelar

Margaret Mary Emily Anne Hyra (fødd 19. november 1961 i Fairfield i Connecticut), kjend som Meg Ryan, er ein amerikansk skodespelar som fekk gjennombrotet sitt i romantiske komediar som Då han møtte henne (1989), Søvnlaus i Seattle (1993) og Du har m@il (1998).

Meg Ryan

Statsborgarskap USA
Fødd 19. november 1961 (62 år)
Fairfield
Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, modell, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, filmprodusent, filmregissør
Språk engelsk
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Ektefelle Dennis Quaid
Meg Ryan på Commons
Meg Ryan

Karriere endre

Ryan studerte journalistikk ved New York University. Ho byrja som skodespelar for å tena ekstra pengar ved sida av skulen. Etter den første filmrolla hennar spelte Ryan (som no brukte dette som kunstnarnamn) Betsy i dramaserien As the World Turns frå 1982 til 1984. Produsentane for denne serien likte spesielt å jobba med henne fordi ho kunne gråta på kommando.

Etter fleire TV-filmar og mindre kinofilm-rollar, fekk Ryan den første suksessen sin med hovudrolla i den romantiske komedien Då han møtte henne. Filmen vart særs godt motteke og manifesterte Ryans filmpersonifika som boblande, sjarmerande og furiøs, men samstundes uhelbredelig romantisk, ei rolle ho har spila i fleire roller seinare. Mange av filmane hennar frå 1990-talet har ikkje berre slått igjennom i Nord-Amerika, men har òg vorte store suksessar andre stadar i verda.

I 2003 braut Ryan med dei vanlege rollene sine og spila i In the Cut, ein erotisk thriller. Her spelar ho ein ung universitetslærar som utforskar eigne grenser og set tryggleiken sin på spel når ho innleier eitt risikabelt seksuelt forhold.

Privatliv endre

Ryan gifta seg med skodespelaren Dennis Quaidvalentinsdagen i 1991 etter at dei hadde spelt saman i to filmar. Dei tok ut skilsmisse 16. juli 2001 etter at ho hadde hatt eit forhold til skodespelar Russell Crowe, som ho spelte saman med i ein film. Quaid og Ryan har eitt barn saman; Jack Henry (f. 24. april 1992).

Filmar endre

  • Rich and Famous (1981)
  • Amityville 3-D (1983)
  • Top Gun (1986)
  • Armed and Dangerous (1986)
  • Promised Land (1987)
  • Innerspace (1987)
  • D.O.A. (1988)
  • The Presidio (1988)
  • Da han møtte henne (1989)
  • Joe Versus the Volcano (1990)
  • The Doors (1991])
  • Prelude to a Kiss (1992)
  • Søvnløs i Seattle (1993)
  • Flesh and Bone (1993)
  • A Century of Cinema (1994). Dokumentar.
  • When a Man Loves a Woman (1994)
  • I.Q. (1994)
  • French Kiss (1995). Også produsent.
  • Restoration (1995)
  • Tapperhet i strid (1996)
  • Addicted to Love (1997)
  • Anastasia (1997). Røyst.
  • Englanes by (1998)
  • Hurlyburly (1998)
  • Du har m@il (1998)
  • Hanging Up (2000)
  • Livstegn (2000)
  • Kate & Leopold (2001)
  • Searching for Debra Winger (2002). Dokumentar
  • In the Cut (2003)
  • Against the Ropes (2004)
  • In the Land of Women (2007)
  • Homeland Security (2007)
  • The Deal (2008)
  • The Women (2008)

Bakgrunnsstoff endre