Ein HaShofet
Ein HaShofet (עֵין הַשּׁוֹפֵט, tyder. Domarkjelda) er ein kibbutz nord i Israel i Efraimfjellet. Han ligg i Ramat Menashe-området kring 30 km frå byen Haifa, nær Yokneam, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 759.
Ein HaShofet | |||
עֵין הַשּׁוֹפֵט | |||
landsby | |||
Namneopphav: Domarkjelda | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Ramat Menashe | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Megiddo | ||
Koordinatar | 32°35′45.24″N 35°6′3.96″E / 32.5959000°N 35.1011000°E | ||
Folketal | 759 (2008) | ||
Grunnlagd | 5. juli 1937 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Ein HaShofet 32°35′45″N 35°06′04″E / 32.5959°N 35.1011°E | |||
Kart som viser Ein HaShofet.
| |||
Wikimedia Commons: Ein HaShofet | |||
Nettstad: www.keh.co.il |
Namn
endreEin HaShofet tyder omtrent «Domarkjeldane», og er kalla opp etter den amerikanske høgsterettsdomaren Louis D. Brandeis (1856-1941), den første jøden som hadde denne stillinga, og som vart vald ut for den leiande rolla si i den amerikanske sionistrørsla. Det renn ei kjelde nær kibbutzen.
Historie
endreEin HaShofet vart grunnlagd 5. juli 1937 og nybyggjarane budde i den nærliggande åsen Ja'ara i eitt år før dei flytta til den noverande plasseringa til kibbutzen. Før grunnlegginga i Juara, budde nybyggjarane fem år i Hadera, der gruppa fekk med seg to grupper frå Hashomer Hatzair, ei frå Polen (inkludert Aharon Efrat, seinare medlem av Knesset) og ei frå Nord-Amerika, den første Hashomer Hatzair-gruppa Nord-Amerika. Kibbutzen vart opphavleg grunnlagd som ei tårn- og palisadebusetjing.
Området vart nytta av arabiske «gjengar» og nybyggjarane måtte forsvare seg sjølv mot nattlege åtak. Dette var midt i arabaropprøret i Palestina 1936-1939, som jødane på den tida kalla «forstyrringar».[1]
Frå 1938 og frametter vart staden på åstoppen og steinhuset Juara nytta av Haganah, den største jødiske undergrunnsmilitsen, og seinare av det israelske forsvaret, og er i dag eit Haganahnuseum.[2][3]
Trass i vassmangel og vanskelege tilhøve, hadde staden ti år seinare 450 innbyggjarar.[1]
Under den israelske sjølvstendekrigen hjelpte nybyggjarane å slå styrkane til Kaukji etter åtaket deira i april 1948 på Mishmar HaEmek.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ein HaShofet» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 37.
- ↑ [1]
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 21. april 2014, henta 15. mars 2015