Melodi Grand Prix 1979

19. utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1979 var den 19. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK plukka ut åtte finalistar frå 312 innsende bidrag til finalen, som blei arrangert 10. februar 1979. Vinnarlåten blei «Oliver», framført av Anita Skorgan og komponert av Skorgan sjølv med tekst av Philip A. Kruse. Skorgan representerte Noreg i den internasjonale finalen i Jerusalem, der bidraget enda på 11. plass med 57 poeng. Dette var Noregs beste plassering på seks år.

Melodi Grand Prix 1979
Dato
Finale 10. februar 1979
Vertskap
Finale Studio 2, NRK Marienlyst, Oslo
Programleiar Egil Teige
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 8
Vinnar
Song «Oliver»
Artist Anita Skorgan
Resultat i Eurovision Song Contest 1979
Finalepoeng 57
Finaleplass 11.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1978 Melodi Grand Prix 1980

Sendinga endre

NRK fekk inn 312 songar i den opne konkurransen, og ein jury beståande av Kjell Karlsen, Fred Nøddelund og Øyvind Westby, plukka ut åtte av dei til finalen laurdag 10. februar 1979. Finalen blei halden i Studio 2 med Egil Teige som programleiar. Dei åtte finalistane blei akkompagnerte av Kringkastingsorkestret under leiing av Egil Monn-Iversen.

Dette året gjorde NRK ein vri som på mange måtar synleggjorde kringkastaren si innstilling til konkurransen på 1960- og 1970-talet. Studio var fullstendig ribba for dekorasjonar, og artistane stilte opp i kvardagsklede. Det var heller ikkje publikum i studio, anna enn dei medverkande artistane og låtskrivarane.[1] «Det er lydbiletet vi satsar på i Grand Prix, så det er betrakteleg mindre glitter og stas enn vanlegvis altså, men det skulle vel ikkje ha noko betyding for det musikalske utbyttet?» innleia Teige. Fråværet av all den unødvendige staffasjen gjorde finalen til ein av dei kortaste i konkurransen si historie, berre 41 minutt.[2]

Blant artistane var kjende ansikt som Inger Lise Rypdal, Gudny Aspass og førehandsfavorittane Anita Skorgan og Hanne Krogh. Også Tore Johansen, kjend frå Travellin' Strawberries, deltok i finalen. Som året før blei vinnaren kåra av ein fagjury på ni personar. Til slutt vann Anita Skorgan med diskolåten «Oliver».

Resultat endre

Nr. Tittel Artist Komponist og tekstforfattar Poeng Plass
1 «Så lenge du er hos meg» Inger Lise Rypdal Torbjørn Daleng og Gunnar Jørstad 24 3
2 «Boogie Bill» Ingrid Elisabeth Johansen Petter Hurlen 17 4
3 «Sang uten ord» Gudny Aspaas Inge Christofersen 6 7
4 «Når vi er barn» Hanne Krogh Svein Hundsnes 2 8
5 «Ved en grammofon» Tore Johansen Svein Strugstad og Gunnar Hordvik 7 6
6 «Hva er vitsen med en sang» Anne Lise Gjøstøl Petter Hurlen 30 2
7 «Jeg ringer deg i kveld» Maj Britt Andersen Kristian Lindeman 12 5
8 «Oliver» Anita Skorgan Anita Skorgan og Philip A. Kruse 37 1

Avstemming endre

Også dette året blei vinnaren kåra av ein fagjury på ni personar. Medlemmane var valde av NOPA, Norsk populærkomponisters forening. Sigurd Jansen var formann, og kvar medlem gav 5, 4, 3, 2 og 1 poeng til sine topp fem favorittlåtar.

Nr. Tittel Sigurd Jansen Jon Anders Helseth Trygve Thue Liv Mylius Eivin One Pedersen Carsten Klouman Arnstein Johansen Sverre Bergh Kirsti Sparboe Totalt
1 «Så lenge du er hos meg» 3 3 4 3 2 3 1 5 24
2 «Boogie Bill» 2 4 2 4 2 3 17
3 «Sang uten ord» 1 1 1 3 6
4 «Når vi er barn» 1 1 2
5 «Ved en grammofon» 4 3 7
6 «Hva er vitsen med en sang» 5 2 2 2 5 5 5 4 30
7 «Jeg ringer deg i kveld» 3 1 4 1 2 1 12
8 «Oliver» 4 5 5 5 5 3 4 4 2 37

Hendingar endre

Etter finalen varsla Skorgan og Kruse at «Oliver» skulle givast ut i dei fleste europeiske landa før den internasjonale finalen. Dette var første gong ein norsk Melodi Grand Prix-vinnar blei gitt ut før Eurovision Song Contest.[3] Pressa var også relativt positive til vinnarlåten dette året. Mona Levin karakteriserte låten som ein «internasjonal akseptabel melodi» og la til at «'Oliver' går rett inn i øret så man nynner med, og den må formodes å skaffe Norge flere poeng enn fjorårets bidrag til finalen».[4] Det gjorde han òg – «Oliver» innkasserte 57 poeng og ein 11. plass, Noregs beste plassering sidan 1973.

Den norske finalen blei spelt inn om ettermiddagen 10. februar og send i opptak på radio og fjernsyn seinare same kveld. Dette var vanleg på 1970-talet for å kunne redigere bort tekniske feil. Pressa måtte derimot sjå sendinga frå eit anna rom på NRK Marienlyst, og dei fekk ikkje til i studio før etter at opptaket var ferdig. Då hadde dei fleste artistane allereie reist.[5]

Fotnotar endre

  1. Wærhaug, Sølvi (10. februar 1979). «Klart for Melodi Grand Prix». Verdens Gang. s. 52.
  2. «Melodi Grand Prix 1979 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 10. februar 1979. Besøkt 25. juli 2016.
  3. Wærhaug, Sølvi (12. februar 1979). ««Oliver» på plate i utlandet før finalen». Verdens Gang. s. 42.
  4. Levin, Mona (12. februar 1979). «Glitterfri Grand Prix, skrekkelig Tsar-kurer». Aftenposten. s. 7.
  5. Dalland, Sverre (12. februar 1979). «Engelsk 'Oliver' klar». Aftenposten. s. 7.