Melodi Grand Prix 2003
Melodi Grand Prix 2003 var den 41. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tolv finalistar deltok i finalen 1. mars 2003 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «I'm Not Afraid to Move On», framført av Jostein Hasselgård. Vinnarlåten er laga av Arve Furset. Hasselgård representerte Noreg i den internasjonale finalen i Riga og kom på 4. plass med 123 poeng. Dette var Noregs beste plassering på sju år.
Melodi Grand Prix 2003 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Finale | 1. mars 2003 | |||
Vertskap | ||||
Finale | Oslo Spektrum, Oslo | |||
Programleiar | Øystein Bache | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 12 | |||
Vinnar | ||||
Song | «I'm Not Afraid to Move On» | |||
Artist | Jostein Hasselgård | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2003 | ||||
Finalepoeng | 123 | |||
Finaleplass | 4. | |||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Sendinga
endreÅret før blei det ikkje arrangert nokon norsk finale på grunn av Noregs sisteplass i 2001. NRK ønskte difor å blåse nytt liv i tevlinga og arrangerte ein open konkurranse for første gong sidan 1997. Konkurransen var open for alle nasjonalitetar, og rundt 450 bidrag kom inn. Av desse gjekk 16 vidare til prøvesynging, og tolv bidrag enda opp i finalen laurdag 1. mars.[1]
Finalen gjekk av stabelen i Oslo Spektrum med Øystein Bache som programleiar. Dei fleste artistane var ukjende, men Elisabeth Andreassen var attende for femte gong, som ein del av den norsk-svenske trioen Kikki, Bettan & Lotta. Då trioen kom på scena, blei det piping frå delar av salen. Tv-sjåarane var derimot meir positive, og Kikki, Bettan & Lotta enda til slutt på ein 4. plass. Alfie, kjend frå popgruppa Cape, deltok også og enda på 2. plass.
Dette året droppa NRK fagjuryen, og resultatet blei for første gong avgjort fullt og heilt av telefon- og SMS-røystene til sjåarane. Først blei dei tolv finalemelodiane spelt, før publikum fekk moglegheit til å røyste. Etter ein halvtimes sendepause byrja del to med røystinga for første runde. Dei fire best plasserte songane gjekk vidare til superfinalen, og publikum fekk røyste på nytt. I den andre røystinga talde ei telefonrøyst eitt poeng, og NRK har halde seg til denne ordninga sidan. Til slutt vann balladen «I'm Not Afraid to Move On» med nesten 28 000 røyster meir enn 2. plassen.
Resultat
endreFørste runde
endreNr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfattar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
A | «Anyway You Want It» | Ingvild Pedersen | Thomas G:son og Stefan Brunzel | 16 | 8 | |
B | «Don't Stop» | Daddy Cool | Tante Gørilds Hobbyorkester og Erlend Gjerde | Inge Ulirk Gundersen | 25 | 5 |
C | «Han kom som ein vind» | Åse Karin Hjelen | Åse Karin Hjelen og Tom Sennerud | 0 | 12 | |
D | «You've Got A Hold On Me» | Linda Kvam | Hanne Sørvaag og Thomas Wøhni | Linda Kvam | 25 | 5 |
E | «So You Say» | Erik Jacobsen | Eskil Pettersen, Jarl Ivar Andresen og Trond Hillestad | 5 | 10 | |
F | «Good Evening, Europe!» | Birgitte Einarsen | Mads Rogde, Arve Furset og Benedicte Swendgaard | 35 | 4 | |
G | «One» | Alfie | Alf Gunnar Nilsen | 51 | 2 | |
H | «Din hånd i min hånd» | Kikki, Bettan & Lotta | Thomas G:son | G:son, Elisabeth Andreassen og Petter Anthon Næss | 44 | 3 |
I | «Wonderful Girl» | Monopole | Knut Bjørnar Asphol | 18 | 7 | |
J | «Fool in Love» | Soda | Marte Hveem | 13 | 9 | |
K | «I'm Not Afraid to Move On» | Jostein Hasselgård | Arve Furset | 54 | 1 | |
L | «Perfect Tragedy» | Don Ramage | Håvid Engmark, Alf Gunnar Nilsen, Bjørnar Løberg | 4 | 11 |
Superfinale
endreNr. | Tittel | Artist | Komponist | Tekstforfatter | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|
F | «Good Evening, Europe!» | Birgitte Einarsen | Mads Rogde, Arve Furset og Benedicte Swendgaard | 25 978 | 3 | |
G | «One» | Alfie | Alf Gunnar Nilsen | 50 885 | 2 | |
H | «Din hånd i min hånd» | Kikki, Bettan & Lotta | Thomas G:son | G:son, Elisabeth Andreassen og Petter Anthon Næss | 25 962 | 4 |
K | «I'm Not Afraid to Move On» | Jostein Hasselgård | Arve Furset | 78 460 | 1 |
Avstemming
endreFørste runde
endreI første røysterunde gav kvar landsdel 1–8, 10 og 12 poeng ut frå kor mange telefon- og SMS-røyster dei forskjellige bidraga fekk. Dei fire beste songane gjekk vidare til superfinalen.
Nr. | Tittel | Vestlandet | Nord-Noreg | Sørlandet | Midt-Noreg | Austlandet | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
A | «Anyway You Want It» | 3 | 4 | 3 | 1 | 5 | 16 |
B | «Don't Stop» | 5 | 5 | 5 | 4 | 6 | 25 |
C | «Han kom som ein vind» | 0 | |||||
D | «You've Got A Hold On Me» | 6 | 6 | 4 | 5 | 4 | 25 |
E | «So You Say» | 1 | 3 | 1 | 5 | ||
F | «Good Evening, Europe!» | 7 | 7 | 7 | 6 | 8 | 35 |
G | «One» | 10 | 12 | 10 | 12 | 7 | 51 |
H | «Din hånd i min hånd» | 8 | 10 | 8 | 8 | 10 | 44 |
I | «Wonderful Girl» | 4 | 3 | 6 | 2 | 3 | 18 |
J | «Fool in Love» | 2 | 2 | 2 | 7 | 13 | |
K | «I'm Not Afraid to Move On» | 12 | 8 | 12 | 10 | 12 | 54 |
L | «Perfect Tragedy» | 1 | 1 | 2 | 4 |
Superfinalen
endreDei fire beste låtane frå første runde gjekk vidare til superfinalen. Her blei låtane framførte om att, og tv-sjåarane røysta på nytt. I denne røysterunden talde kvar røyst eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar derfor talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.
Nr. | Tittel | Vestlandet | Nord-Noreg | Sørlandet | Midt-Noreg | Austlandet | Totalt |
---|---|---|---|---|---|---|---|
F | «Good Evening, Europe!» | 2 693 | 2 036 | 2 709 | 2 309 | 16 231 | 25 978 |
G | «One» | 6 116 | 4 798 | 6 042 | 7 708 | 26 221 | 50 885 |
H | «Din hånd i min hånd» | 2 818 | 2 200 | 2 892 | 2 530 | 15 522 | 25 962 |
K | «I'm Not Afraid to Move On» | 7 890 | 4 532 | 9 627 | 6 580 | 49 831 | 78 460 |
Pausenummeret skapte bråk
endreEtter finalen var det pausenummeret som fekk mest merksemd. A cappella-gruppa Cheezy Keys stilte på scena med eit nummer der dei på ein humoristisk måte skulle portrettere kulturen til Latvia, som var vert for den internasjonale finalen. Problemet var berre at gruppa brukte russiske kulturelement som balalaikaer, kosakkuniformer og matrjosjkadokker. Blemma vekte eit forrykande raseri og sinne i Latvia og skapte nærast diplomatiske forviklingar mellom Noreg og Latvia.[2][3] Rasande latviarar truga med å boikotte norske varer, og den latviske ambassaden sende straks eit protestbrev til NRK.[4] Også den norske ambassadøren i Latvia, Jan Wessel Hegg, blei rasande: «Det er så fundamentalt galt det som ble gjort, at jeg ikke finner ord. Landet var okkupert i 50 år, og er det noe de forsøker å frigjøre seg fra, er det dette.» sa Hegg til Dagbladet.[5] NRK la seg flate og orsaka pauseinnslaget, og ambassadør Hegg orsaka personleg overfor Latvias president, Vaira Vīķe-Freiberga.[6][7] Det latviske sinnet gav seg derimot raskt, og Noreg fekk 7 poeng av latviske tv-sjåarar under Eurovision-finalen i mai.
Også opningsnummeret vekte negative reaksjonar, då programleiar Øystein Bache storma inn på scena i ei brennande dressjakke. Dette skjedde berre dagar etter brannen på nattklubben The Station i Rhode Island, der hundre menneske miste livet. Jakkenummeret blei omtala som smaklaust og korttenkt.[8]
Hendingar
endreFor første gong opna NRK opp for at utanlandske låtskrivarar kunne levere inn bidrag. To av finalebidraga var signert svenskar: Thomas G:son og svenskfødde Elisabeth Andreassen. NRK fortalde at dei hadde fått inn bidrag frå både Sverige, Storbritannia og Danmark.[1] Fleire av dei refuserte bidragsytarane i den opne konkurransen samla seg og arrangerte ei alternativ tevling med røysting på internett.[9]
Etter sigeren til Jostein Hasselgård hadde ikkje pressa mykje tiltru til «I'm Not Afraid to Move On».[10][11] Det norske bidraget gjorde derimot spådomane til skamme. Jostein Hasselgård enda på ein 4. plass, Noregs beste plassering sidan 1996. Det sikra også Noreg ein plass i finalen i Eurovision Song Contest året etter. Den norske låten blei seinare sungen av artistar i Sør-Afrika, Taiwan og Tyskland.[12]
Dette var også første gong NRK sende den norske finalen direkte på internett.[13] 1 349 000 sjåarar såg den norske finalen.[14]
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Utler, Knut (21. januar 2003). «Svensker i norsk GP-finale». Aftenposten. s. 12.
- ↑ «Skværet opp etter balalaika-tabben til NRK». Besøkt 12. juli 2016.
- ↑ Width, Henrik (5. mars 2003). «Latvia raser etter GP-tabbe». Aftenposten. s. 12.
- ↑ «Latvisk raseri mot NRK og Norge - Musikk - Dagbladet.no». www.dagbladet.no. Besøkt 12. juli 2016.
- ↑ «Latvisk raseri mot NRK og Norge - Musikk - Dagbladet.no». www.dagbladet.no. Besøkt 12. juli 2016.
- ↑ Johnsrud og Gjestad, Ingar og Guro Hoftun (6. mars 2003). «– Unnskyld, Latvia!». Verdens Gang. s. 46.
- ↑ Løkken og Westerfjell, Anne Marie og Torunn P. (6. mars 2003). «Beklager pauseflause». nrk.no.
- ↑ «NRF-kritikk mot Grand Prix-showet» (nb-NO). 4. mars 2003. Besøkt 12. juli 2016.
- ↑ «Grand Prix for de refuserte». VG Nett. 10. januar 2003.
- ↑ Grønneberg, Anders (2. mars 2003). «Kommentar: Til Riga med slakt?». Dagbladet.
- ↑ Rasmussen, John (2. mars 2003). «Sår tvil om Norges MGP-sjanser». Dagbladet.no.
- ↑ Tjersland, Jonas (23. februar 2005). «Arves GP-låt går verden rundt». VG Nett.
- ↑ «Melodi Grand Prix: GP på nett». Dagbladet. 1. mars 2003. s. 54.
- ↑ «Gode tall for GP-finale». TV2.no. 3. mars 2003.