Songsporv

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Melospiza melodia)
Songsporv
Songsporv Foto: Linda Tanner
Songsporv
Foto: Linda Tanner
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring
██ Hekkeområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Melospiza
Art: Songsporv M. melodia
Vitskapleg namn
Melospiza melodia

Songsporv (Melospiza melodia) er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien med utbreiing frå sørlegaste Alaska med Aleutane sørover til nordlegaste Mexico. Her er han av dei mest talrike fugleartane og med stor tilpassingsevne.

Skildring endre

Songsporvar kan ha storleik varierande frå 12 til 17 centimeter.[1] Dette er ein sporv med korte og avrunda venger, lang hale og spinkelt nebb. Fjørdrakta er prega av mørkt strekmønster over brunt på oversida og grått på undersidea. Han har ei smal, lys issestripe omkrinsa av mørk brune kronestriper. Ei mørk mustasjestripe ned mot sidene av brystet er markant.[2]

Leveområdet er i opent eller halvopent område med noko vegetasjon, gjerne nær straumande vatn. Her beitar han på bakken eller nært bakken. Samansetting av føda er mest vegetabilsk i nordvest, lengre sør i meir grad leddyr.[1]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Det finst ein godkjent observasjon av arten i Noreg, frå Hvaler i Østfold, mai 1975.[4] Songsporvar har dukka opp fåtalig i Storbritannia, Belgia og Nederland.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Rising, J. (2019) Song Sparrow (Melospiza melodia) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 29. september 2019
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Melospiza melodia. Henta frå http://www.birdlife.org den 29. september 2019
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 29. september 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Songsporv