Mercator randis er ein slak randis ved enden av Mobiloilfjorden, danna der Gibbs-, Lammers-, Cole- og Weyerhaeuserbreen flyt saman aust i Graham Land. Isen vart først fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth i november 1935, og vart kartlagt frå desse bileta av W.L.G. Joerg som den nedre enden av eit «stort dalsøkk» langs kysten. Han vart oppdaga frå bakken av Finn Rønne og C.R. Eklund frå United States Antarctic Service (USAS), 1939–41, som òg tok flyfoto av isen. Han vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i desember 1958 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Gerardus Mercator (1512–94), den flamske matematikaren og geografen som er opphavet til kartprojeksjonen med hans namn frå 1568.

Mercator randis
randis
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 68°37′S 65°30′W / 68.617°S 65.500°W / -68.617; -65.500
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mercator randis
68°37′00″S 65°30′00″W / 68.6167°S 65.5°W / -68.6167; -65.5
Mercator randis is located in Antarktis
Mercator randis (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mercator Ice Piedmont» (innhald frå Geographic Names Information System).