Merete Smith

Merete Smith (fødd 1960) er ein norsk jurist og generalsekretær i Den Norske Advokatforening.[1]

Merete Smith
Fødd20. april 1960
NasjonalitetNoreg
Yrkeadvokat
Alma materUniversitetet i Oslo

Smith er cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1987 og Master of Laws frå Georgetown University i 1988 med stipend frå Fulbright-programmet. Ho fekk advokatbevilling i 1991 og har blant anna jobba som advokatfullmektig, dommarfullmektig, konstituert lagdommar og embetsmann i Justisdepartementet.[2]

Merete Smith er dotter av dei kjende juristane Carsten og Lucy Smith.

ReferansarEndra

  1. Aftenposten,22.03.2010, s.4. Om oss, advokatforeningen.no, lesen 22.03.2010
  2. Smiths CV