Mesoamerikanske språk

Mesoamerikanske språk er ein språkbunt som omfattar alle dei indianske språka frå det mesoamerikanske kulturområdet, som dekker det sørlege Mexico, heile Guatemala og Belize og deler av Honduras og El Salvador. Området blir karakterisert av stor lingvistisk variasjon og har fleire hundre ulike språk fordelt på sju familiar, men språka i området har på grunn av relativt tett kontakt utvikla ei rekke fellestrekk.

Mesoamerika med ulike underområde
Mayaskrift i Museo del sitio i Palenque i Mexico, eit døme på ein tekst på eit mesoamerikansk språk skrive med eit mesoamerikansk skriftsystem.

Dei mesoamerikanske språka var blant dei første til å utvikla eiga skrift. Dei eldste tekstane stammar frå rundt år 1000 f.Kr. Etter den spanske erobringa frå slutten av 1500-talet byrja dei å skriva dei mesoamerikanske språka med det latinske alfabetet. Mange av språka er i dag utdøydde eller trua, men andre, mellom anna nahuatl, mayiske språk, mixtekisk og zapotekisk, har fleire hundre tusen talarar og lever i beste velgåande.

Språk

endre

Blant dei mesoamerikanske språka finn vi språk frå desse språkfamiliane:

Trekk

endre

Dei mest representative trekka som er felles for dei fleste mesoamerikanske språka, er dei følgjande:[1]

  • avstemming av sonorante konsonantar i slutten av ord
  • stemming av obstruenter etter nasalar
  • vokalharmoni
  • fast og føreseieleg stavingstrykk
  • markering av eigarskap av typen «hans-substantiv1 substantiv2», med tydinga «substantiv2s substantiv1».
  • bruk av relasjonelle substantiv som spatiale markørar
  • tjuetalssystem
  • ingen verb-finale språk
  • fråvær av «switch reference»
  • lokativar avleidde frå kroppsdelar
  • inkorporering av substantiv
  • ei rekke utbreidde importord

Kjelder

endre
  1. Campbell, Kaufman og Smith-Stark (1986), ss. 536–558