Meterstokk

Linjal for å måla avstand, ofte samanleggbar

Meterstokk eller tommestokk er ein rett stokk av ei viss lengd som blir brukt for å måla avstand, særleg i samband med bygg- og anleggsarbeid. Ein meterstokk er som regel ein meter lang og delt inn i metriske einingar.[1] Ein tommestokk kan vera ein eller to meter lang og vera inndelt i tommar og eventuelt også centimeter.[2] Andre variantar er yardstick, ein målestokk på ein yard (0,9144 meter).[3]

Meterstokk

Meterstokkar er ofte laga av tre eller plast. Dei kan vera delte opp i kortare bitar og festa med metall- eller plastikkledd slik at ein kan folda dei saman.

Sjå òg endre

Galleri endre

Kjelder endre