Opna hovudmenyen

Meyer Nilsson Foshaug (15. juni 18686. juni 1955) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Målselv i Troms. Bortsett frå perioden 1922-24, då han representerte Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Foshaug var saman Jørg Berge, Alfred Eriksen og John Lind-Johansen dei aller fyrste stortingsrepresentantane for Arbeidarpartiet.

Meyer Foshaug
Meyer Foshaug.jpg
Fødd15. juni 1868
Målselv
Død6. juni 1955
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, bonde

Han var fødd på garden Fosshaug i Målselv, der far hans dreiv gard. 25 år gammal tok han over ein tredel av farsgarden og bygde sitt eige gardsbruk. Dette bruket dreiv han sidan. Han var medlem av heradsstyret i Målselv 1900-03.

Foshaug representerte Tromsø amtStortinget 1903-06, Senja krins 1906-18, Malangen krins 1919-21 og Tromsø fylke 1922-24 og 1928-45. Valbolken 1931-33 var han 1. varamann, møtte då delar av 1931- og heile 1932-sesjonen. Han var 1903-09 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, medlem 1910-12 av, sekretær 1913-24 og formann 1928-30 i vegkomiteen. 1934-36 medlem av og 1937-45 formann i veg- og jarnbanekomiteen.

KjelderEndra