MiSide er ei internett-satsing frå Fornyingsdepartementet. Nettportalen MiSide er eit prestisjeprosjekt for Fornyingsdepartementet og statsråd Heidi Grande Røys. Målsetnaden er at kvar innbyggjar i Noreg skal få ein sams nettportal for kontakt med offentlege styresmakter. Departementet hadde ikkje sikra seg retten til nynorskversjonen av nettadressa, www.miside.no Arkivert 2020-02-18 ved Wayback Machine.. Eigaren Fjell kommune lét i januar 2006 departementet få overta adressa, men la inn ei prøvetid på eit halvt år. Om Språkrådet finn at det etter eit halvt år er god nynorsk språkføring på nettstaden, vil departementet få nettadressa til odel og eige.

Målsetnad med MiSide endre

Fornyingsdepartementet tek sikte på å lansera ein versjon av nettportalen MiSide i løpet av 2006, med ein fullstendig versjon seinare[1]. Målsetnaden er å utvida MiSide frå berre å inkludere tenester frå statlege etatar til og å tilby kommunale tenester. Eit døme på dette kan vera elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre ynskjer departementet å utvida MiSide til også å verta ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Ein vil til dømes kunna få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll – alt samla i same elektroniske postkasse.

Kjelder endre