Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)
Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway) Song av Billy Joel frå albumet Turnstiles | ||
Utgjeve | Mai 1976 | |
Innspelt | Ultra Sonic Studio i Hempstead, NY | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:12 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
---|---|---|
Produsent | Billy Joel |
«Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)» er ein songs kriven og spelt inn av Billy Joel for albumet Turnstiles i 1976. Det er òg gjeve ut fleire konsertopptak av songen. Han framførte songen på veldedigheitskonsertane The Concert for New York City for offera etter 11. september-åtaket i 2001, og fjernsynsprogrammet Hurricane Sandy: Coming Together for offera etter orkanen Sandy i 2012 og 12-12-12: The Concert for Sandy Relief. I 2012-versjonen vart teksten endra for å passe til skadane orkanen hadde gjort.[1]
Bakgrunn og historie
endreTurnstiles vart skriven etter Billy Joel kom heim til New York etter å ha budd i Los Angeles i tre år. Fleire av songane er knytte til denne overgangen, mellom anna «Say Goodbye to Hollywood» og «New York State of Mind».
Under eit foredrag i 2001 forklarte Joel at han skreiv songen medan han budde i Los Angeles i 1975, då New York City var ein by full av kriminalitet og sosial uro. Joel sa at folk i Los Angeles, inkludert folk frå New York, gjorde narr av New York og problema deira. Joel tenkte «Om New York er på veg ned sluktet, så reiser eg attende til New York».[2] Han forklarte at songen gjev eit bilete av ein apokalypse i New York, «the skyline tumbling down, this horrendous conflagration happening in New York City.»[2] Joel sa at songen vart kalla «Miami 2017» fordi mange frå New York flyttar til Miami som pensjonistar og forteljaren fortel denne soga til barnebarnet sitt i år 2017 om den gong han var vitne til øydelegginga av New York.[2]
Joel har skildra det som ein «science fiction-song om ein apokalypse i New York som følgje av hendingane i byen i 1970-åra[3] New York var på randen av konkurs og fekk avslått eit bøn om hjelp frå staten. Dette førte til den kjende overskrifta i New York Daily News som sa «Ford to City: Drop Dead».[4]
Etter 11. september 2001
endreKort tid etter terroråtaket 11. september 2001 framførte Billy Joel songen på konserten den 20. oktober 2001. Joel sa på slutten av songen, «Eg skreiv songen for 25 år sidan. Eg trudde det skulle vere ein science fiction-song. Eg trudde aldri at det faktisk skulle skje. Men i motsetnad til slutten av songen, me skal ikkje dra nokon stad!» - noko som vart møtt med stor applaus.[5]
Andre versjonar
endre«Miami 2017» vart spelt inn av Richard Marx i 1993 og gjeven ut som bonusspor på internasjonale versjonar av albumet Paid Vacation.
Konsertopptak
endreDet finst åtte konsertopptak av songen tilgjengeleg:
Album/DVD | Utgjeve | Innspeling | Stad | Merknad |
---|---|---|---|---|
Songs in the Attic | 1981 | Juni 1980 | Madison Square Garden | Opningsspor |
Billy Joel: Live at Yankee Stadium[6] | 1990 | Juni 1990 | Yankee Stadium | |
The Concert for New York City | 2001 | 22. oktober 2001 | Madison Square Garden | 9/11 veldedigheitskonsert |
12 Gardens Live | 2006 | 2006 | Madison Square Garden | |
Last Play at Shea - DVD og CD | 2008 | 2008 | Shea Stadium | Teksten endra for for Shea Stadium og New York Mets[7] |
The Stranger 30th Anniversary Edition | 2008 | Juni 1977 | Carnegie Hall | |
The Stranger 30th Anniversary Edition DVD | 2008 | 1978 | BBC's The Old Grey Whistle Test | Send ein gong på BBC 2 |
12-12-12: The Concert for Sandy Relief | 2012 | 12. desember 2012 | Madison Square Garden | Veldedigheitskonsert for orkanen Sandy |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Hurricane Sandy: Come Together». NBC News. November 2, 2012.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Joel, Billy. (November 6, 2001). What Was the Inspiration for 'Miami 2017?'. BillyJoel.com.
- ↑ «Billy Joel Masterclass Concert 2001 (Pt.2 of 12)». YouTube. Henta 26. august 2014.
- ↑ «Billy Joel Masterclass Concert 2001 (Pt.3 of 12)». YouTube. September 25, 2008. Henta 26. august 2014.
- ↑ Bielen, Ken (2011). The Words and Music of Billy Joel. Santa Barbara, Calif.: Praeger. s. 34–35. ISBN 0313380163. Henta April 30, 2012.
- ↑ Billy Joel: Live at Yankee Stadium ved IMDb
- ↑ Pareles, Jon (July 17, 2008). «Billy Joel Gives Shea its Own Last Waltz». New York Times. Henta May 1, 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Teksten på BillyJoel.com
- Heile songteksten på MetroLyrics