Michael Collins

irsk politikar

Michael Collins (16. oktober 189022. august 1922) var ein irsk sjølvstendeforkjempar og politikar. Han var ein av leiarane i den irske sjølvstendekrigen frå 1919 til 1921. Det irske namnet hans var Micheál Ó Coileáin

Michael Collins
Michael Collins 1922.jpg
Fødd 16. oktober 1890
Clonakilty
Død

22. august 1922 (31 år)
Bandon

Yrke politikar, militær, statsmann
Michael Collins på Commons

Collins vart fødd i Clonakilty i Cork og døydde i Bandon i same området, etter å ha vorte skoten.

Collins tok del i Påskeopprøret i 1916, og leidde i 1918 valkampen til nasjonalistpartiet Sinn Féin, som han førte til ein strålande valsiger. Han var ein hovudmann i opprettinga av den irske republikanske hæren IRA i 1919, og vart sjef for den hemmelege tenesta til den væpna organisasjonen.

Collins var attmed Eamon de Valera den leiande personlegdomen i den irske sjølvstenderørsla frå 1919 til han døydde 1922. I den republikanske undergrunnsregjeringa var han finansminister. Da han i 1921 underteikna den anglo-irske avtalen som førte til fridom for størstedelen av landet, men òg til frådelinga av Nord-Irland, kom han i motsetning til meir radikale nasjonalistar som gjekk imot delinga av landet. I den irske borgarkrigen som følgde, var han leiar i overgangsregjeringa og øvstkommanderande for dei irske stridskreftene, før han blei drepen i eit attentat.

Michael Collins vart i 1996 omhandla i ein film med same namnet, regissert av Neil Jordan, og med Liam Neeson og Julia Roberts i hovudrollene.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Michael Collins
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Michael Collins