Julia Roberts

amerikansk skodespelar

Julia Fiona Roberts (fødd 28. oktober 1967) er ein amerikansk skodespelar. Ho vart først kjend etter å ha spelt i den romantiske komedien Pretty Woman saman med Richard Gere. Sidan den gong har ho spelt i fleire kjende filmar, motteke ei rekkje prisar, og vorte blant dei best betalte skodespelarane i Hollywood.

Julia Roberts

Fødd28. oktober 1967 (56 år)
FødestadSmyrna, Georgia
FødenamnJulia Fiona Roberts
Aktive år1987–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmprodusent, modell, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, skodespelar
MorBetty Lou Bredemus
FarWalter Grady Roberts
EktefelleLyle Lovett, Daniel Moder
SambuarBenjamin Bratt, Jason Patric
BornHazel Patricia Moder, Phinnaeus Walter Moder, Henry Daniel Moder
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Donostia-prisen, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Hasty Pudding Woman of the Year

Bakgrunn endre

Roberts vart fødd i Smyrna i Georgia 28. oktober 1967.[1][2] Foreldra skilde seg i 1972, då Roberts var 5 år gammal. Faren hennar, Walter Grady Roberts, jobba som ein støvsugarseljar og skodespelar. Mora, Betty Lou Bredemus, jobba som sekretær i ei kyrkje i tillegg til at ho var skodespelar. Mora gifta seg igjen med ein annan mann, medan faren døydde av kreft fire år seinare.

Som ung ville Roberts bli veterinær. Men etter at ho var ferdig på Smyrnas Campbell High School drog ho til søstera si i New York for å utvikla seg som skodespelar. I New York byrja ho som modell for Clicks modelling samtidig som ho tok skodespelartimar.

Privatliv endre

Roberts var forlova med skodespelaren Kiefer Sutherland ei tid.[3][4] Den 25. juni 1993 gifta ho seg med countrysangeren Lyle Lovett i St. James Lutheran Church i Marion i Indiana.[5] Dei vart separerte i mars 1995 og seinare skilde.[6] Roberts hadde eit tilhøve til skodespelaren Benjamin Bratt frå 1998 til 2001.[7]

Roberts møtte den kommande ektemannen sin, kameramannen Daniel Moder, under innspelinga av filmen Meksikaneren i 2000. Ho var då i eit forhold med Bratt, medan Moder var gift med Vera Steimberg. Han søkte om skilsmisse litt over eit år seinare. Roberts og Moder gifta seg 4. juli 2002 på ranchen hennar i Taos i New Mexico.[8] Dei har tre barn saman: tvillingene Hazel Patricia og Phinnaeus «Finn» Walter Moder (fødd 28. november 2004)[9] og Henry Daniel Moder (fødd 18. juni 2007).[10]

Magasinet People har kåra Roberts til ei av dei 50 vakraste kvinnene i verda åtte gonger.

Filmografi endre

År Norsk tittel Original tittel Rolle
2009 Duplicity Duplicity Claire Stenwick
2008 Fireflies in the Garden Fireflies in the Garden Lisa Lawrence-Taylor
2007 Charlie Wilson's War Charlie Wilson's War Joanne Herring
2006 Charlottes tryllevev Charlotte's Web Edderkoppen Charlotte A. Cavatica
2006 Maurbølla The Ant Bully Hova
2004 Ocean's Twelve Ocean's Twelve Tess Ocean
2004 Closer Closer Anna
2003 Mona Lisa Smile Mona Lisa Smile Katherine Ann Watson
2002 Confessions of a Dangerous Mind Confessions of a Dangerous Mind Patricia Watson
2002 Full Frontal Full Frontal Catherine/Francesca
2002 Grand Champion Jolene
2001 Ocean's Eleven Ocean's Eleven Tess Ocean
2001 America's Sweethearts America's Sweethearts Kathleen "Kiki" Harrison
2001 Meksikaneren The Mexican Samantha Barzel
2000 Erin Brockovich Erin Brockovich Erin Brockovich
1999 Runaway Bride Runaway Bride Maggie Carpenter
1999 Notting Hill Notting Hill Anna Scott
1998 Side ved side Stepmom Isabel Kelly
1997 Sammensvergelsen Conspiracy Theory Alice Sutton
1997 Min beste venns bryllup My Best Friend's Wedding Julianne Potter
1996 Alle sier "I Love You" Everyone Says I Love You Von Sidell
1996 Michael Collins Michael Collins Kitty Kiernan
1996 Mary Reilly Mary Reilly Mary Reilly
1995 Elsk meg eller stikk Something to Talk About Grace King Bichon
1994 Den nakne sannhet Prêt-à-Porter/Ready to Wear Anne Eisenhower
1994 I Love Trouble I Love Trouble Sabrina Peterson
1993 Pelikan-rapporten The Pelican Brief Darby Shaw
1991 Hook Hook Tinkerbell
1991 Kjærlighetens valg Dying Young Hilary O'Neil
1991 I seng med fienden Sleeping with the Enemy Sara Waters/Laura Burney
1990 Inn i det ukjente Flatliners Rachel Mannus
1990 Pretty Woman Pretty Woman Vivian Ward
1989 Blomster av stål Steel Magnolias Shelby Eatenton Latcherie
1989 Blood Red Maria Collogero
1988 Mystic Pizza Mystic Pizza Daisy Arujo
1988 Satisfaction Daryle

Prisar endre

  • 1990: Golden Globe: Beste kvinnelege birolle i filmen Steel Magnolia sin
  • 1991: Golden Globe: Beste kvinnelege skodespelar i ein komede; Pretty Woman
  • 2000: Oscar, BAFTA, Golden Globe, National Board of Review Award og Screen Actors Guild Award for beste kvinnelege skodespelar i filmen Erin Brockovich

Kjelder endre

  1. «Julia Roberts Biography (1967–)». FilmReference.com. 
  2. «Julie "Julia" Fiona Roberts». Ancestry.com. 
  3. July 01, Louise Lague Updated; Pm, 1991 12:00, «Miss Roberts Regrets», PEOPLE.com (på engelsk), henta 6. november 2021 
  4. «Jason Patric - Biography - Movies & TV». The New York Times (på engelsk). 5. november 2021. Arkivert frå originalen 19. februar 2015. 
  5. Shelley Levitt (8. august 1994). «State of Their Union». people.com. Arkivert frå originalen 24. februar 2009. 
  6. April 10, Karen S. Schneider Updated; Pm, 1995 12:00, «One Last Sad Song», PEOPLE.com (på engelsk), henta 6. november 2021 
  7. «Julia Roberts Lays It on the Line - David Letterman, Julia Roberts : People.com», web.archive.org, 14. februar 2015, arkivert frå originalen 14. februar 2015, henta 6. november 2021 
  8. Schneider, Karen (July 11, 2002). «Hideaway Bride». People. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 18. desember 2007. 
  9. «Happy Birthday, Hazel and Phinnaeus Moder!». Hollywoodlife.com. 28. november 2010. 
  10. June 18, People Staff Updated; Pm, 2007 01:50, «Julia Roberts Welcomes a Baby Boy», PEOPLE.com (på engelsk), henta 6. november 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Julia Roberts