Michaela Kirchgasser

Michaela Kirchgasser (fødd 18. mars 1985) er ein alpin skirennar frå Schwarzach im Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Ho vann VM-gull i lagtevlinga med Austerrike både i 2007, 2013 og 2015. Elles har ho sikra seg to VM-sølv og like mange bronsemedaljar i tida 2007-17. Kirchgasser har per februar 2017 to verdscupsigrar i slalåm og ein i storslalåm. I alt har ho 17 (3-6-8) pallplasseringar i verdscupen i alpine greiner, sju av dei i kombinasjonstevlingar.

Michaela Kirchgasser


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 18. mars 1985 (39 år)
Schwarzach im Pongau
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Michaela Kirchgasser i 2014

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre