Michelle Bachelet
Verónica Michelle Bachelet Jeria[a] (fødd 29. september 1951) er ein chilensk sosialistisk politikar og tidlegare president i Chile. Ho er den første kvinna som er blitt vald til denne stillinga. Bachelet er medlem av partiet Partido Socialista de Chile.
Michelle Bachelet | |||
Michelle Bachelet ved innsetjinga som president i 2006. | |||
Fødd | 29. september 1951 (73 år) La Cisterna | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Chile | ||
Parti | Partido Socialista de Chile (2018) | ||
Yrke | politikar, kirurg, epidemiolog, barnelege | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Utdanna ved | Westland Middle School Liceo Nº 1 Javiera Carrera Universitetet i Chile Humboldt-Universität zu Berlin Universitetet i Leipzig Academia Nacional de Estudios Políticos y Estratégicos Inter-American Defense College Chilean Army War Academy | ||
Mor | Ángela Jeria | ||
Far | Alberto Bachelet | ||
Ektefelle | Jorge Dávalos | ||
Barn | Sebastián Dávalos | ||
Medlem | Puebla Group | ||
Verv | President i Chile 2006-2010 | ||
Føregangar | Ricardo Lagos | ||
Etterfylgjar | Sebastián Piñera | ||
Alle verv |
Ved presidentvalet i Chile i 2005 fekk ho 46 % av stemmene i fyrste valomgang. Ho vann den andre valomgangen 15. januar 2006, over forretningsmannen Sebastián Piñera, med 53,5 % av stemmene. Bachelet vart innsett som president 11. mars 2006. Ved valet 17. januar 2010 tapte sentrum-venstresida mot sentrum-høgre-kandidaten Sebastián Piñera, og presidentskiftet skjedde 11. mars 2010.
Bachelet måtte rømme Chile etter at faren vart drepen av soldatane til Augusto Pinochet. Ho studerte germanistikk og medisin i Leipzig og Berlin. Ho var helseminister og forsvarsminister i regjeringa til president Ricardo Lagos.
Michelle Bachelet er skild og mor til tre.
Merknadar
endre- ↑ Uttalt /βeˈɾonika miˈʃɛl baʃˈle ˈçeɾja/
Bakgrunnsstoff
endre- «The woman taking Chile's top job» på BBC News
- «Bachelet vow on gender equality» på BBC News