Mickle Fell (norrønt Mikill, 'stort' og fell, 'fjell') er eit fjell i Penninane, ei rekkje fjell og åsar sentralt i Nord-England. Det har ei høgd på 788 meter over havet, om lag 15 km sør for Cross Fell.

Mickle Fell
Marilyn, hewitt, nuttall
Vestsida av Mickle Fell
Land  England
Topp Penninane
 - høgd 788 moh.
 - Primærfaktor ca. 210 m
Kart
Mickle Fell
54°36′48″N 2°18′18″W / 54.613469444444°N 2.305°W / 54.613469444444; -2.305
Wikimedia Commons: Mickle Fell

Fjellet er det høgaste punktet i både County Durham og det historiske grevskapet Yorkshire.

Det utgjer ei lett kjennbar landskapsform som ein kan sjå frå fleire toppar i Lake District, mellom dei Blencathra, Helvellyn-kjeda og High Street.

Sør for Mickle Fell synk landet ned mot Stainmore Gap før det stig att mot Yorkshire Dales.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Mickle Fell