Miguel Ángel López
Miguel Ángel López Nicolás (fødd 3. juli 1988) er ein spansk kappgjengar frå Murcia som vart europameister 2014 og verdsmeister 2015 på 20 kilometer.
Miguel Ángel López | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 3. juli 1988 (36 år) Murcia |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 20 kilometer kappgang herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 20 kilometer kappgang menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 20 km kappgang menn |
Aktiv
endreLópez vart femtemann på 20 km under Sommar-OL 2012 i London, der han sette personleg rekord med 1.19.49, 24 sekundar unna bronseplassen. Året etter fekk López bronsemedaljen på distansen ved VM i Moskva, 23 sekundar etter vinnaren Aleksandr Ivanov, ein kar som på si side i 2019 fekk annullert sigeren. I europameisterskapen 2014 vann López 20 km så å seie på målstreken, eitt sekund føre Ivanov og to sekundar framom Denis Strelkov frå Russland og Ruslan Dmitrenko frå Ukraina, sistnemnde hamna då utanfor sigerspallen. Under Friidretts-VM 2015 i Beijing gjekk López sitt livs snøggaste 20 km. Han fekk notert 1.19,14 i sluttid og vann han gullmedaljen med 15 sekundar til gode på arrangørlandets Wang Zhen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 2010 i Barcelona: Nr 13 på 20 km – 1.24.28
- VM 2011 i Daegu: Nr 17 på 20 km – 1.23.41
- OL 2012 i London: Nr 5 på 20 km – 1.19.49
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 20 km – 1.21.21
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje på 20 km – 1.19.44, framom Aleksandr Ivanov (1.19.45)
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 20 km – 1.19.14, framom Wang Zhen (1.19.29)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 11 på 20 km – 1.20.58, braut 50 km
- VM 2017 i London: Nr 10 på 20 km – 1.19.57
- EM 2018 i Berlin: Nr 6 på 20 km – 1.21.27
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Miguel Ángel López (racewalker)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2019.
- «Miguel Ángel López» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.