Mikhail av Tsjernigov

Mikhail av Tsjernigov[1] eller Mikhail Vsevolodovitsj[2] (fødd ca. 1185 i Saraj, død 20. september 1246) var ein russisk fyrste i Rurik-dynastiet.[3] Han var storfyrste av Kiev (1236-1240, 1240, 1241-1243) og fyrste av Pereyaslavl (1206), av Novgorod-Seversk (1219-1226), av Tsjernigov (1223-1235, 1242-1246), av Novgorod (1225-1226, 1229-1230) og av Halytsj (1235-1236).[2]

Mikhail av Tsjernigov

Namnukrainsk skrift Михайло Всеволодович, russisk Михаил Всеволодович)
Fødd1185
FødestadKyiv
Daud20. september 1246
DødsstadSaraj Batu
Yrkemonark
Helgendag14. februar, 20. september

Arkeologiske funn har vist at byane i Tsjernigov var velståande under regjeringstida hans og at han derfor prioriterte handel[2] Handelsinteressene var delvis årsaka til at han tok kontroll over Halytsj og Kyiv, sidan varene frå Rhindalen og Ungarn gjekk gjennom her på veg til Tsjernigov (dagens Tsjerikhiv i Ukraina).[2] Han forhandla òg fram handelsavtalar og politiske alliansar med polakkane og ungarane.[2]

Han letta skattebyrda på innbyggjarane i Novgorod og gav bojarane deira større politisk fridom frå fyrsten.[2] Han var den siste sjølvstyrte fyrsten av Kiev før han vart avsett av dei uslåelege mongolane.[2]

Like før den mongolske invasjonen av Russland var han ein av dei mektigaste fyrstane i Russland.[2] Han har vorte skulde for å vere ein ineffektiv leiar fordi han ikkje klarde å samle fyrstane av Russland mot den inntrengande fienden, men denne oppgåva må ha vore umogeleg å få til.[2]

Mikhail var den første fyrsten av Olgovitsjiane (Tsjernigov-dynastiet) som vart martyrar. Han fekk dødsstraff for å stå ved den kristne trua si.[2] Han og bojaren hans, St. Fedor vart torturerte og halshogde av tatarane.[1]

Dei vart seinare kjend som «Lidenskapslidarane frå Tsjernigov» og «Dei mirakuløse frå Tsjernigov».[2]

Møtet med mongolane endre

Midt på 1200-talet (1237-1240) vart Russland invadert av mongolar. Kyrkjer blei plyndra og vanheilaga. Det kjende Grotteklosteret blei øydelagd og munkane fordrivne.

Mongolane brydde seg ikkje så mykje om folk si tru. Hovudregelen for dei var Jassa, lovane til Dsjengis Khan. Ei av desse lovene påbaud dei å respektere alle gudar og religionar. Dei tvinga likevel russiske fyrstar til å vera med på nokre av rituala sine, som å gå gjennom reinsande eld før dei fekk møte khanen eller å tilbe portretta til avdøde khanr. I følgje kristen lære streid dette mot trua. Derfor valde nokre russiske fyrstar å døy framfor å fullføre dei heidenske rituala. Mikhail av Tsjernigiv og bojaren hans Feodor var to av desse. Då khan Batu ville at fyrst Mikhail skulle komme til han, hadde Mikhail snakka med den andelege far sin, biskop Johan, og sa til han at han heller ville døy for Kristus enn å bøye seg for noko idol. Det same sa bojaren hans Feodor. Biskopen gav dei støtte og inspirasjon for dette synet og gav dei nattverd som farvel.

Før Mikhail kom til khanen kravde dei mongolske prestane at fyrsten og bojaren skulle bøye seg mot grava til Dsjengis Khan i sør, og så bøye seg for eld og gudsbilde. Mikhail nekta, sjølv då Batu truga han med døden. Barnebarnet til Mikhail, fyrst Boris, og bojarane av Rostov bad Mikhail om å halde seg i live og heller utføra bot for seg og folket sitt etter å ha utført dei syndige handlingane mongolane ville dei skulle gjera. Mikhail nekta framleis. Han blei slått, tråkka på og halshogd. Dei siste orda hans skal ha vore: «Eg er kristen!» Bojaren hans vart så drepen på same måte. Begge vart gravlagde i Erkeengelens katedral i Moskva.

Minnefestdag endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Thurston, Herbert (Editor). Butler’s Lives of the Saints - september. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 Dimnik, Martin. The Dynasty of Chernigov - 1146-1246. 
  3. Charles Cawley (14. mars 2009). «Russia, Rurikids - Grand Princes of Kiev, Princes of Chernigov, descendants of Sviatoslav II, Grand Prince of Kiev (fourth son of Iaroslav I)». Medieval Lands. Foundation of Medieval Genealogy. Henta 24. januar 2010. [daud lenkje]