Mitchell Watt (fødd 25. mars 1988) er ein australsk tidlegare lengdehoppar. Han vann etter tur medalje i to verdsmeisterskap og i Sommar-OL 2012.

Mitchell Watt


Statsborgarskap Australia
Fødd 25. mars 1988 (35 år)
Bendigo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012

Watt forbetra seg jamnt og trutt i 2009-sesongen, frå 8,04 meter i januar til 8,43 m i RethymnoKreta den 20. juli. Ein månad seinare landa han på 8,37 m under verdsmeisterskapen i Berlin og vann bronsen. Den 29. juli 2011 sette han australsk rekord i Stockholm med eit hopp som målte 8,54 meter. I september 2011 sikra han seg sølvmedaljen i VM med eit hopp på 8,33 m, Året etter tok han i London-OL eit nytt sølv i lengdehopp, trass i moderate 8,16 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre